skilleIngrid Alexandra bannerskille_slutt
Kongehuset
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Kongehuset Sist oppdatert 13:17
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Kongen rett til Kongssetra

Kong Harald blei utskriven frå Rikshospitalet i føremiddag. Han reiste rett til Kongssetra for å tilbringe jula der.

Publisert 19.12.2003 09:54. Oppdatert 19.12.2003 12:51.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Kong Harald takkar for seg på Rikshospitalet. (NRK-foto)

Kong Harald på veg inn i bilen som skal frakte han til Kongssetra. (Foto: Knut Falch/Scanpix)

Det var ein opplagd og smilande kong Harald som smilte og ynskte pressefolka og andre som hadde møtt fram, god jul då han reiste frå Rikshospitalet. Han blei møtt med applaus frå dei frammøtte då han kom ut av sjukehuset.

Turen gjekk rett til Kongssetra i Voksenkollen, der han skal tilbringe jule- og nyttårshelga saman med dronning Sonja.

Legane på Rikshospitalet opplyser at kongen er i god form og i fin betring.

Administrerande direktør ved Rikshospitalet, Åge Danielsen, tok personleg avskil med kong Harald. Det gjorde også dei to overlegane som opererte kongen, Håkon Wæhre frå Radiumhospitalet og Trygve Talseth frå Rikshospitalet, samt leiaren for kirurgisk avdeling på Rikshospitalet, Arnstein Bergan.

Den endelege undersøkinga til patologane viser ingen teikn til gjenverande svulstvev eller spreiing av svulsten. Kongen blir rekna for å vere helbreda, heiter det i pressemelding frå Slottet.

Kongen vil ha ein rekonvalesensperiode på to til tre månader etter operasjonen.

Kongen vart operert for kreft i urinblæra 8.desember, og han har vore innlagd på Rikshospitalet sidan laurdag 6. desember.

Kong Harald på veg ut frå Rikshospitalet, etter at han vart utskriven i dag. (NRK-foto)



Siste saker:

 
10 SISTE NYHETER
50 SISTE KONGEHUSET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no