Likevel er det raud-grønt fleirtal i den første kommunen i Hordaland som er telt opp.
Av
Eli Bjelland
Valgkvelden i bilder
Sjå valresultat frå Modalen
Med eit raud-grønt fleirtal på 42,8% av dei totalt 194 stemmene, ønskjer folk i Modalen regjeringsskifte. Det borgarlege alternativet får samla ei oppslutning på 32%.
Raud-grønt fleirtal
Likevel er det Frp som vinn valet i Modalen med 19,1% av stemmene totalt sett. Hakk i hæl følgjer Ap med 18,6%, og Sp med 18% av stemmene.
Alle partia i det raud-grøne regjeringsalternativet går fram frå Stortingsvalet i 2001. Både Ap og Sp går fram med 2,7%.
Dårleg val for Krf
Frp går mest fram frå 2001 med 7,9%, og tett etter følgjer Venstre med 7,4%. Krf går mest attende, med 12,3%.
Stemmeprosenten i Modalen er på 72,7%. Totalt er det 267 stemmeberettiga i kommunen.