Av
Jan Børge Leirvik
Mens store deler av Norhordland er i ferd med å gro igjen av skog og kratt, har dei tre grendene Solheim, Olsvoll og Tolleshaug, saman klart å halde vedlike eit unikt kulturlandskap. I området det har budd folk heilt sidan folkevandringstida og her ligg ei rekkje fornminner.
Radøy blir kalla "den grøne øya". Det er spesielt synleg i dette området, sjølv om det var kvitt og snødekka då me tok vår tur.
Me starta turen på garden Solheim på Sæbø. Vegvisarar var Gro og Einar Borgund.