Solstråleøya er vel verdt eit besøk. Øya har vore eigd av den norske kongefamilien og har ei mystisk fortid.
Solstråleøya ligg ved Godøysund på nordsida av Tysnes. Øya er i dag friområde og har vore eigd av Tysnes kommune sidan 1991. Då hadde den norske kongefamilien eigd området i 85 år.
Se bildene fra Solstråleøya
Det var den stormannsgale og mystiske engelskmannen Mr. John Musgrove som først bygde opp og planta til den idylliske Solstråleøya.
For å koma dit, må du i båt. Mot Godøysund ligg ei flytebrygge for mindre båtar og på nordaust-sida er det laga trekai. Mr. Musgrove lagde ei rekkje spasèrstiar, som framleis ligg der.
Øya er dels overgrodd av ein uvanleg rik vegetasjon. Det nystarta Venelaget for Solstråleøya vil rydda opp i dette, men vil behalda mest mogleg av buskar og tre som Mr. Musgrove i si tid planta. Her finst mange vekster som ikkje er vanlege i dette området.
Jan Børge Leirvik har blitt med Norolf Henriksen på tur til Solstråleøya. Henriksen tok initiativ til venelaget for øya. Saman med Kåre Bolstad har han også gitt ut boka "Solstråleøen", der forhistoria til Mr. Musgrove blir avslørt.