Artane som tek over norsk natur

Dette er ein populær plante i norske parkar og hagar.

Syrin er kjent for sine vakre fargar og søte lukt.

Men no har den hamna på ei heilt ny «svarteliste».

Ei liste over framande artar som invaderer norsk natur.

Ekspertar har sett nærmare på 2342 ulike framandartar som allereie er etablert eller kan kome til Noreg.

Plantar, dyr og små organismar har blitt vurderte.

Arbeidet har blitt til Artsdatabanken si Framandartslista 2023.

231 etablerte artar er peika ut.

Dei har fått kategorien «svært høg risiko» for å ta over plassen til andre norske artar.

Her er nokon av verstingane som har hamna på lista.

Sørhare er opphavleg ein europeisk og vestasiatisk art som er mest vanleg i Østfold.

Sørharen likar seg i varmare klima og kan komme til å skvise ut den norske skogsharen.

Kanadagullris er ein staude som spreier seg med frø og krypande underjordiske jordstenglar.

Ein ser den særleg langs vegar og jernbanar.

Den kan skyve vekk andre artar og har store negative økologiske konsekvensar for naturmangfaldet.

Kanadagås er opphavleg ein nordamerikansk art som er blitt innført til Europa.

Den hekkar nordover til og med Trøndelag.

«Kanadagås er ein flott fugl å sjå på, men er veldig agressiv.Den konkurrerer ut andre norske gåseartar.»

Esten Ødegaard, Miljødirektoratet

Japansk sjøpung eller hamnespy er eit kolonidannende sekkdyr som legg seg som eit teppe på havbotnen, og kveler alt anna liv.

Arten blei for første gong funnen ved Stavanger i 2020.

Sidan har den blitt registrert fleire stader langs kysten og spreier seg raskt.

Syrin er ei buskslekt frå Vest-Europa med kvite eller fiolette blomar.

Den kan danne tette buskar som fortrenger trua artar.

Spesielt i området rundt Oslofjorden er dette blitt eit problem.

Krepsepest er ein parasitt som mellom anna blir innført med tropiske reker, som blir brukt i akvarium.

Arten kan redusere bestanden av den raudlista norske edelkrepsen.

Her er fleire framandartar i kategoriane «høg risiko» og «svært høg risiko»:

  • Pukkellaks
  • Hagelupin
  • Gravbergknapp
  • Pepperrot
  • Storhjelm
  • Krypfredløs
  • Vasspest

Figen Klanderud har jobba som anleggsgartnar i over 10 år.

Ho merker ein betydeleg auke av framandplantar i hagane ho lukar.

«Det er heilt forferdeleg! Desse plantane er mykje vanskelegare å få vekk. »

Figen Klanderud

Det er spesielt éin framandplante ho misliker.

Nemleg planta parkslirekne.

Den kan vekse seg over 3 meter høg og tar over alt den kjem forbi.

Nær eit byggjefelt i Florø er parkslirekne på veg til å ta fullstendig over naturen.

Norske ekspertar meiner klimaendringane gjer at fleire dyr og plantar trekkjer nordover til oss.

Dei trur det vil bli fleire framande artar i framtida.

Det finst framandartar som er på veg til Noreg, men som enda ikkje har etablert seg.

Dei blir kalla for dørstokkartar.

1086 dørstokkartar vart vurderte i lista.

157 av desse hamna i kategoriane «høg risiko» og «svært høg risiko».

«Desse kan påverke den norske naturen negativt dersom dei etablerer seg.»

Olga Hilmo, seniorrådgjevar i Artsdatabanken

Kvit skunkkala er ein storvokst sump- og vassplante frå Stillehavsområda i Nordaust-Asia.

I Sverige er det funne tilfelle der den dominerer vassdrag, og fører til at andre artar ikkje kan leve der.

Asiatisk geithams høyrer opphavleg heime i Asia.

Arten er eit rovdyr og rekna som ein trussel mot birøktarnæringa.

Om asiatisk geithams etablerer seg i Noreg, blir den ein trussel mot pollinerande insekt som høyrer naturleg til i naturen vår.

Kinaullhandskrabbe har etablert seg i Sverige både langs kysten og i dei store innsjøane Mälaren og Vänern.

Krabba er ein altetar som livnærer seg på plantar og dyr, og som kan ete store delar av botnfaunaen.

Cabomba caroliniana blir brukt i akvarium.

I Sverige og Danmark er den rapportert å ha spreidd seg ut i ferskvatn.

Dei hemmar vassirkulasjonen og utkonkurrerer raskt artar som høyrer heime i økosystema. 

Kirsebærreke vil truleg etablere seg i Agderfylka og i Telemark i løpet av eit 50-årsperspektiv.

Den kan forårsake krepsepest som gir opp mot 100 prosent dødelegheit i smitta bestandar av den raudlista edelkrepsen.

Klima- og miljøminister, Espen Barth Eide (Ap), får i dag sjå den ferske framandartslista.

«Det er viktig å hindre at nye artar kjem til Noreg og kjempe ned dei som allereie finst.»

Espen Barth Eide, klima- og miljøminister

Seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, Esten Ødegaard, meiner alle har eit ansvar.

Han har eitt tips til alle.

«Ikkje kast framandartar i vanleg søppel.»

Esten Ødegaard, Miljødirektoratet

Han anbefaler å pakke framande plantar godt inn før du leverer dei, helst i tette avfallssekkar.

Deretter bør ein levere og sortere etter tilvising på nærmaste gjenvinningsstasjon som tar imot framande artar.

Vil du vite meir om Framandartslista 2023?

Les den på Artsdatabanken si side

Du kan også lese:

Uroa for utviklinga: Lupinen rykker nærare og nærare nasjonalparken

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal