Bli med ein stad der nesten ingen har vore.
Men det som skjer her heilt nord på Grønland er viktig for alle.
Her kan ein sjå korleis klimaet endrar seg - i eit skremmande tempo.

Eit varsel frå ytst i verda

Klimapanelet i FN har fleire gonger dei siste åra slått alarm om at tida er knapp.

Dei som har besøkt dei mest sårbare delene av kloden har sett faresignala lenge.

Jostein Bakke er oppvaksen ved isen på Folgefonna i Ullensvang.

Han fekk tidleg interesse for isbrear.

Den har ført han verda rundt.

Han er ein av dei fremste ekspertane til å tolke breane.

Dei kan fortelle oss om korleis klimaet har vore.

Og kvar det er på veg.

I dag er han geolog, professor på Universitetet i Bergen og leiar av Earthlab på Bjerknessenteret for klimaforsking.

I august reiste han til Wandel Dal, nordaust på Grønland, som ein del av eit internasjonalt forskarteam.

Det er berre i denne perioden veret er godt nok til at det går å forske her.

Ein gong var klimaet her mildare.

Så mildt at det budde menneske her.

Forskarane leiter etter svar om korleis det var her då.

Korleis det sakte har forandra seg.

Endringane som skjer no kan dei sjå med det blotte auget.

Dette er bevis på at noko dramatisk er i ferd med å skje.

Normalt hadde fjordane vore islagde heilt inn til kysten- året rundt.

Isfjell løsner frå breane. Dei smelter i eit enormt tempo.

Klimaendringane har kome lengre her enn andre stader i verda.

«Arktis er kanarifuglen i klimagruva. Det som skjer her viser oss mykje om korleis framtida blir lenger sør.»

Jostein Bakke

På botn av innsjøane er spor bevart frå tidlegare tider.

Forskarane henter opp prøver som kan gje svar på klimautviklinga.

Vanlege norske kloakkrør vert jekka ned i sedimentlaga.

Opp vert eit oppslagsverk over endringar gjennom hundreåra henta.

I haust reiste teamet og prøvene til Bergen.

Her vert jorda frå innsjøene analyserte på eit verdsleiande laboratorium.

Klimaforskarane studerer små restar av plantar og dyr.

Litt etter litt vert oppslagsverket tolka.

Det er små puslebitar som fortel korleis klimaet var på Grønland for lenge sidan.

Og korleis det kan bli igjen.

Ting har aldri endra seg så fort som no.

Forandringane som skjer i steinørkenen ytst i verda bør få alarmen til å gå, meiner forskarane.

«Det er dramatisk. Det som skjer her speler inn på resten av verda. »

Jostein Bakke

«Stormer, tørke, havstigning»

Jostein Bakke

«Det vi ser her i Arktis er eit varsku om at det hastar. »

Jostein Bakke

I Arktis er det enkelt å sjå klimaforandringane.

Men stadig fleire ser teikn der dei bur.

Nyleg slo FN sitt klimapanel fast at det hastar om ein vil bremse oppvarminga av kloden.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal