Motstandsleirane

Teltande Gaza-demonstrantar gjer at toppuniversiteta i USA slit. Fleire hundre amerikanarar har til no blitt arresterte.

«Frigjord sone» kalla dei teltplassen framfor New York University.

Ei stor folkemengd var samla her i går. Den kravde ein slutt på krigen i Gaza, og at universiteta kvittar seg med våpeninvesteringane sine.

Men på kvelden sa politiet stopp.

133 demonstrantar blei arresterte.

Telta var vekke før sola kom opp...

... og demonstrasjonsplassen er no gjerda inn.

Men det er ikkje berre her at frontane er steile.

På motsett side av Manhattan er telta tilbake framfor Columbia-universitetet.

Her blei 100 studentar arresterte sist veke. Framleis er klasseromma stengde.

President Joe Biden har uttalt bekymring over «openberr antisemittisme» blant demonstrantane på Columbia. Ein rabbi knytt til universitetet har oppmoda jødiske studentar til å bli heime, skriv Al Jazeera.

Likevel var det jødiske studentar til stades på demonstrasjonane.

Ved Yale i Connecticut blei om lag 50 personar arresterte måndag morgon, ifølge universitetsleiinga.

Fleire storuniversitet fortvilar. Leiarane fortel til New York Times at dei slit med å få bukt med demonstrasjonane.

Fleire fakultet er stengde. Andre held berre førelesingar digitalt. Mange trur det vil vare ut semesteret.

Samtidig står New York-politiet i spagat mellom å halde ro i gatene...

... og verne om rettssaka til ein viss presidentkandidat.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal