skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

Krav til Finnmarkseiendommen

Sametingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Jørn Are Gaski, etterlyser ein framdriftsplan frå styret og meiner det hastar mest med ei avklaring om gruvedrifta.

Publisert 06.02.2006 21:13. Oppdatert 07.02.2006 07:53.
Av Inger Johanne Sæterbakk

- Før lova trer i kraft bør styret iallfall ha ein plan i forhold til rettsidentifisering og gruvedrift. Det synst eg dei skuldar folk i Finnmark å få til, seier Gaski.

Må klargjere

Finnmarkslova trer i kraft i løpet av juli månad i år. Då vil Finnmarkseiendommens styre få 45 000 kvadratkilometer utmark i hendene. Sametingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Jørn Are Gaski meiner styret må klargjere kva som skal skje med land og vatn:

- Styret i Finnmarkseiendommen må no vise til ein framdriftsplan, at dei har ein agenda framover.

Men på agendaen til leiar Egil Olli og resten av styret i Finnmarkseiendommen står no lokalisering av administrasjonen. Det er hovudsaka på det andre styremøtet, som startar tysdag.

Har tid

Eg synst det er litt mykje forlangt at vi i løpet nokre få veker skal ha politikken klar framover. Førsteprioriteten vår er i bli klar til å ta over forvaltninga, og vi har nokre månader til å få på plass ein visjon og handlingsplan framober.

- Kva slags mål har styret i Finnmarkseiendommen med arbeidet sitt no?

- Først må vi få administrasjon og dagleg leiar på plass, då først kan vi begynne å jobbe på ein skikkeleg måte.

Jørn Are Gaski meiner likevel det er viktig å få strategiane raskt på plass, og synst det aller viktigaste er å ta standpunkt i forhold til gruvedrift:
- Det er jo allereie gruveselskap som har vist interesse i forhold til Sametinget, og då synst eg det hastar med ei utreiing frå Finnmarkseiendommen om kva handlingsrom vi har når det gjeld gruvedrift.

Vanskeleg

Men Olli seier det er vanskeleg å ta avgjerder på dette før Sametinget har gitt sine styremedlemmar retningsliner å forholde seg til.

Gaski: Det er styret i Finnmarkseiendommen som har det siste ordet her, og dei bør no danne seg eit grunnlag for å ta avgjerder om gruvedrift i Finnmark.

Siste saker:

Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no