Tre Finnmarkskommuner bryter loven overfor barn i fosterheim. Det viser en tilsynsrapport fra Fylkesmannen.
Rapporten peker på mangelfull oppfølging av fosterheimsbarn i Sør-Varanger, Nesseby og Porsanger.
Av
Inger Johanne Sæterbakk
- Mykje av dette er alvorlege avvik, fordi ungar i fosterheim ikkje har høve til å forsvare seg på eiga hand, sier fungerende fylkeslege Beate Lupton som ser alvorlig på dette.
Dårleg oppfølging av omsorgssituasjonen til ungane, og eit tilsyn med fosterforeldra som ikkje held mål. Dette er blant manglane fylkesmannen har funne i barnevernstenesta i Sør-Varanger og Porsanger kommunar. På denne måten bryt kommunane lova.
- Hovudgrunnen til dette er at vi i det siste har hatt ein stor auke i talet på saker innafor barnevernet, det seier Nils Edvard Olsen som er oppvekstsjef i Sør-Varanger. Også sosialleiar i Porsanger, Jan Kåre Sandberg slit med å få pengane til å strekke til i barnevernet:
- Vi har overførd ei stilling frå sosialkontoret til barnevernet.
Tilsynet av kommunale barnevernstenester er landsomfattande, og tre kommunar i kvart fylke blir sett under lupen. Nesseby kommune har òg manglar ved oppfølginga av fosterbarn, men ikkje i samme grad som dei to andre kommunane. Jan Kåre Sandberg i Porsanger har tatt tak i problema:
– Vi får inn en person i en vakant stilling i barnevernstjenesten, og nå setter vi i gang med å følge opp disse fosterhjemmene, sier han.
I Sør-varanger blir det nå oppretta ei ny stilling innafor barnevernet.