Stavanger Oilers tapte den femte semifinalekampen i ishockey mot Stjernen, onsdag kveld. Stjernen vant 2-1 og leiar nå 3-2 samanlagt. Dermed må Oilers vinne neste kamp.
Av
Ingvald Nordmark
Ishockeylaget Stavanger Oilers tapte den femte av sju semifinalekampar på bortebane mot Stjernen i går kveld. Resultatet blei 2-1 til Stjernen frå Fredrikstad. Dermed leiar Stjernen 3-2 i kampar. Neste kamp går i Stavanger Ishall på fredag og den må Oilers vinna for å få mulighet til ein sjuande og avgjerande kamp. Den går i tilfelle i Fredrikstad komande søndag.
Trenar for Oilers, Gunnar Johansson, var svært godt nøgd med spelet.
- Oilers hadde det meste av spelet. Det einaste som mangla var eit par mål til, sa han etter kampen.
Det var Jussi-Antti Reimari som skåra for Oilers. Han utlikna til 1-1, fem sekund før pause i første periode.