Astrid Overaa har hatt to teaterdraumar: å få rolla som Lilly Valentin og å få spele fru Pigalopp. No har ho fått oppfylt begge!
Av
Odd Sørås
|
Teiknar: Vivian Zahl Olsen |
Fru Pigalopp er byens beste frue...
Det er tre år sidan Astrid Overaa - krumtappen i Ålesunds teaterliv - gjorde stor lykke både i Ålesund og andre stader med Willy Russells monolog "Lilly Valentin" - ei middelaldrande, sliten husmor som har møtt (kjøken)veggen, men som likevel har nok opprør i seg til å ta tak i livet sitt. Også Anne Marit Jacobsen, som har spela stykket fleire hundre gonger på Nationaltheatret, har kalla dette yndlingsrolla si.
No får Astrid Overaa oppfylt den andre draumen sin: å få framstille fru Pigalopp på scena. Ho har sjølv tilrettelagt teksten på grunnlag av Bjørn Rønningens bøker, og i scenografien med Tusendørshuset og frua sjølv kjenner vi att Vivian Zahl Olsens frodige teikningar frå bøkene og NRKs Barne-TV. Etter den vesle pressevisninga som Teatret Vårt nettopp har arrangert, kan vi berre seie: Ein skulle tru forfattaren og teiknaren hadde skapt denne figuren spesielt for Astrid Overaa!
|
Tusendørshuset og Astrid Overaa som fru Pigalopp. Foto: Odd Sørås, NRK Møre og Romsdal. |
Så snill og søt og blid som det går an...
"Når eg tar på meg kleda til fru Pigalopp, kjenner eg ei stille glede som breier seg i kroppen," seier Astrid Overaa. Ho har hatt fru Pigalopp i bokhylla si sidan 1970-åra og har heile tida hatt ønske om å gjere denne dama levande for teatret. Fru Pigalopp er ikkje lik andre vaksne: Ho har tid til å vere saman med barna, lytte til dei og dele små og store opplevingar med dei. Barn treng ei slik venninne minst like mykje i dag som for 30 år sidan. Dessutan treng dagens vaksne - som alle er medlemmer av travelfolkforeininga - eit møte med fru Pigalopp, meiner Astrid Overaa.
Fru Pigalopp
av Bjørn Rønningen
teksten tilrettelagt for teatret av Astrid Overaa
Regi: Erik Ulfsby
Scenograf: Birgitte Lie
Lysdesign: Odd Halstensen
Urpremiere: 7. mars på Ålesund Teaterfestival
Stykket blir vist på Teatret Vårt i Molde frå 19. april.