Av
Eli Bjelland
- Identitet, interesse og folkestyre, listar visekongen i Fusa, Morten Holmefjord, opp.
Dette er oppskrifta hans på ein lukkeleg stat i framtida.
Galla for identitet
- Fusaidentiteten fins ikkje. Difor må han skapast, byrjar visekongen, som i mars arrangerte vinterball for innbyggjarane i Fusa for å samla dei.
- Både bedehusfolk og dansefolk frå alle grendene i Fusa møtte opp. Dette er symbolsk svært viktig for å samla folket. Mange kommunar er små, og dersom det ikkje er eit samhald i desse, vil dei bli selde i delar, meiner Holmefjord.
Lært opp til skam
For det er for auka sjølvstyre i kommunane i distrikts-Noreg Holmefjord brenn mest for. Mest kjend er han for sine visjonar om Fusa som eigen stat.
Men for å få innbyggjarane med på denne tanken, må dei vera stolte, og ikkje bryta om på bymål når dei reiser frå bygda.
Det er her hans andre kjerneverdi kjem inn; interesse.
- For å ha interesse for den staden du bur på, må du vera stolt av han, poengterer Holmefjord, og fortset.
- Det er ingen som orkar å engasjera seg for ein plass dei skjems over. Og skam er jo noko folk på bygda vert lært opp til, meiner visekongen.
Marknadsføring
Interesse ligg det óg i tanken hans på å marknadsføra kommunar utad. Sjølv er han som ein levande salsplakat for Fusa kommune når han reiser rundt som Visekonge av Fusa.
- Dersom ein vil ting nok, så er det mogleg, lanserer han som det viktigaste i trua hans.
Dette er Visekongen av Fusa
Namn: Morten Holmefjord
Alder: 30 år
Sivil status: Ugift
Born: Ingen
Stilling: Visekonge av Fusa
Fritidsinteresser: Lesing og skriving
Mest stolt av i eige liv: Kongedømet
Mest uroa for i Noreg i framtida: Folkestyret
Favorittbok: "Den uendelege historien" av Michael Ende
Gjer meg mest glad: Positive personar
Provoserer meg mest: Ureflektert surmuling
Det viktigaste i mi tru: Alt er mogleg
Nordmenn sine tre beste sider:
Likheitstanken, den "fornuftige" snillismen og omsorg for andre
Noreg sine tre største fordelar:
Økonomi, i ein fredeleg verdsdel, relativ homogen befolkning
Tre kjerneverdiar i forholdet mellom alle slags folk i tida framover:
Toleranse, respekt, folkestyre
Kva kjenneteiknar (Noreg i) verda om 100 år:
Verst tenkjeleg scenario: seld på auksjon
Best tenkjeleg scenario: eit tolerant samfunn med omfattande indre sjølvstyre for kommunane, minus Fusa, som er blitt anerkjend som eigen stat
Førebilete:
Kong Olav