Stiller ut minnesamling etter Pride-terroren

«Dere tok en kule for oss alle. Det glemmer vi aldri».

Denne helga er det eitt år sidan Pride-skytinga i Oslo.

Natta før Pride-paraden blir festen gjort om til sjokk og sorg. To personar blei drepne og over 20 skadde i skyteangrepet i Oslo den 25. juni 2022.

I dagane etter vart flagg, blomar, brev og andre ting lagt ned både i Oslo og andre stader i landet.

No skal tankane og kjenslene frå dei dagane stillast ut.

Skeivt Arkiv ved Universitetet i Bergen har tatt vare på flagg, plakatar og meldingar etter terroren.

«Tinga minner oss på noko som har skjedd og noko vi håper ikkje skal skje igjen. Det minner oss på ei faktisk hending, og det er viktig. »

Line Førre Grønstad, fagleg leiar ved Skeivt arkiv
"Til Kåre. Elsker deg. Hvil i fred" står det i eit kort.

Det vart lagt att mange helsingar.

«Stå på. Støtt kampen for kjærlighet. Elsk den du vil og vær den du er.»

ukjend

«Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre». Sitatet er henta frå ein tale kong Harald heldt i 2016.

Skeivt arkiv skal no ta vare på desse minna for framtida.

Over 200 objekt frå minnemarkeringane er teke vare på i arkivet.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal