For 800 år sidan var det den einaste byen mellom Bergen og Ålesund. I dag går det geiter her.
I 1184 brende ein konge ned heile greia som hemn.
Bli med på leiting etter mellomalderbyen Lusakaupangen ved Sognefjorden.

På leit etter gamle grenser

I regnbukser og arbeidsjakker ligg arkeologane på magen og grev hol i bakken. Her nede ligg restane av det som var den einaste byen mellom Bergen og handelsstaden Borgund utanfor Ålesund i mellomalderen.

I dag er Kaupanger ei passe stor bygd i Sogndal kommune ved Sognefjorden.

Her er ei stavkyrkje, to barnehagar, ein kjend saft- og syltetøyfabrikk og ein skule med litt over 220 elevar.

Men i mellomalderen, som er frå midt på 1000-talet til litt utpå 1500-talet, var Kaupanger ein av om lag 15 byar eller handelsplassar i landet som blir nemnd i gamle tekstar.

Kaupang tyder handelsplass, og har hengt ved plassen fram til i dag. Men kor stor handelsplassen eller byen var, er forskarane ikkje sikre på.

«Det er veldig interessant å finna ut kor kaupangen låg. Den er ikkje ordentleg undersøkt.»

Siv Skjelbreid Rise, arkeolog, Vestland fylkeskommune

Denne perla er med på å gi dei svara dei grev etter.

Arkeologane grev mange små hol oppover landskapet frå der sentrum var. Når dei kjem til eit hol der dei ikkje finn noko, har dei gravd seg utanfor byen.

Så tek dei nye stikkprøvar ein annan stad.

Dei finn mykje restar frå jarnsmiing, men også keramikk og andre ting som fortel om mykje og variert aktivitet i mellomalderen.

«Eg blir som ein barnehageunge i sandkassen som leitar etter skattar. »

Siv Skjelbreid Rise, arkeolog, Vestland fylkeskommune

Christoffer Knagenhjelm vaks opp midt i dette. Familien hans har eigd store delar av Kaupanger i over 300 år.

Hovudgarden var maktsenteret i Kaupanger, og området rundt, i mange hundre år. Eigedomen er nesten 50 kvadratkilometer - det same som nesten 7000 fotballbaner.

Det gjer det til ein av dei største private eigedomane på Vestlandet.

I mellomalderen låg garden midt i det me kan kalla bysentrumet. Forskarane veit ikkje kor mange som budde i sjølve sentrumsområdet. Eit grovt anslag kan vera alt mellom 50 til 200 menneske

«Det var ikkje rare greiene», tenker du kanskje. Men hugs at Noreg sin største by, Bergen, «berre» hadde 6000 innbyggjarar på same tid.

Så det er kanskje ikkje rart at Christoffer, nest eldstemann i søskenflokken, vart arkeolog sjølv.

Han har ei halv stilling på garden der han jobbar med forvalting.

– Det er mykje arbeid! Samstundes er det eit privilegium å koma frå ein slik plass og å kunne jobba her.

Han gjorde sjølv utgravingar av kjerna av plassen då han skreiv hovudoppgåva si for snart 20 år sidan.

Han følgjer spent med når arkeologane no grev seg ut frå midten for å finna ut kor stor plassen var.

Han klarer ikkje halda seg når han kjem for å sjå korleis arbeidet går, og stuper nedi det eine holet. I lag med ting dei finn, kan sjølve jordlaga avsløra mykje om dette var innanfor bysentrumet eller ikkje.

«– Det er jo ein privat eigedom. Men gjennom fredinga har me eit ansvar for å dokumentera og visa dette fram som eit nasjonalt kulturminne.»

Christoffer Knagenhjelm

Kaupanger har også ei ganske blodig historie.

I 1183 drepte sogningane sysselmannen til kong Sverre i området på eit julebord. Som hemn brende Sverre ned heile Kaupanger året etter, utanom stavkyrkja. Det same gjorde han i nabobygda Sogndal.

«Det ville vore ein draum å finna brannlaget frå den gongen. Men sjansen for å gjera det er nok liten, for det vart bygd opp att med ein gong.»

Christoffer Knagenhjelm

Arkeologane dreiv på i to veker i haust. Neste år skal dei tilbake for å gjera seg ferdig.

Så langt tyder funna på at kaupangen var større enn dei trudde. Men ein endeleg konklusjon må venta til dei er ferdige å grava.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal