Kong Olav Haraldson døyr.
Drepen av ein trøndersk bondehær på Stiklestad i 1030.
Slaget er rekonstruert i ei leiligheit i Sogndal.

Legohistorikaren

Pål Berg Svenungsen (38) er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet.

No er han i ferd med å rekonstruere slaget ved Hastings i 1066.

Alt er del av eit prosjekt der han gjenskapar historiske scener med Lego.

Vikingtida, mellomalderen og krosstoga står i særleg høg kurs. Medan andre las Ringenes Herre i ungdommen, var det Snorre Sturlason som fenga telemarkingen.

Då mora hans skulle pusse opp huset for nokre år sidan, fekk han Legosetta frå barndommen i fanget. Ei gamal begeistring blei vekt til live.

Det hender at Pål går djupt i kjeldematerialet for å finne dei beste skildringane av korleis ting faktisk såg ut. Mikroforskning, kallar han det.

Enkelte delar vil ikkje Lego produsere. Til dømes delar med religiøse symbol. Då må ein ty til alternative produsentar eller lage dei sjølv.

Ikkje alle detaljar er like lett å legge merke til. Han viser fram dei nervøse ansikta til soldatane i skjoldborga.

Eit kaotisk system, kallar Pål boksane og hyllene med delar.

Delar og figurar som ikkje høyrer til mellomalderen tar rolla som pynt i bokhylla.

Motiva legg han ut på Instagram, under namnet @the_lego_medievalist, saman med utfyllande tekst om hendingane.

– Eg har fått kommentarar frå både Aust-Europa, Tyskland og USA, som spør om ting. Ofte om vikingar. Vikingar er noko som fenger globalt.

– Men kor mykje kostar dette?

– Det er vel her eg skal svare ingen kommentar, svarar han og ler.

Målet er å vekke interesse for historie via eit format mange kjenner til.

– Eg håpar å nå folk som er historieinteressert, som er nysgjerrige på norsk historie, sagaer og den type ting.

Med alle Legoklossane på plass, er det klart for Pål sin variant av slaget ved Hastings.