I 1902 står eit eventyrslott klart 500 meter over Lustrafjorden.
Dette skal verte heimen til mange.
Først tuberkulosepasientar. Så psykiatriske pasientar. Og til slutt flyktningar.
Og så vert huset forlate.
Både naturkrefter og folk tærer på bygget.
Det som før hadde vore ei stoltheit, vert etter kvart meir som eit spøkelseshus.
No vil Terje og Sverre gjere bygget til å bu i igjen.

Frå eventyrslott til spøkelseshus

Men historia er ikkje slutt for Harastølen enno.

I 1898 kjøper St. Jørgen stiftinga i Bergen området Harastølen i Luster.

Her skal dei byggje det første og største spesialbygde sjukehuset i landet.

250.000 nordmenn døydde av tuberkulose mellom 1895 og 1955.

For mange var det fjernt å skulle bu oppe i fjellet i Luster i Sogn.

Men klimaet oppe på Harastølen skulle vere det beste for å kurere sjukdommen.

Tanken var at det skulle vere godt tilrettelagt for å leve god liv og verte frisk på sanatoriet.

Og det var det.

Sanatoriet hadde straum frå eige verk, vassklosett og vask på alle rom.

I tillegg hadde sanatoriet eige vaskeri, ishall, stall, grisehus, tannlegekontor, kinorom og eit stort drivhus kvar dei dyrka grønsaker og blomar.

Det vart eit eige samfunn oppe på Harastølen.

Her budde pasientar, men også dei som jobba der, med familiane sine.

Det var både gudsteneste, kino ein gong i veka og alle hadde tilgang til radio.

For mange var dette høgst uvanleg på den tida.

Og nede i bygda vart sanatoriet sett på som eit eventyrslott.

Omtrent 15.000 pasientar var innlagde på Lyster Sanatoriet.

Fleire budde der over lengre tid og mange vart friske, men mange hadde også sine siste dagar her.

Biletet viser ein pasient som vert behandla med blåsing, ein metode som vart brukt for å gjere den sjuke lunga frisk.

I 1958 sjekka siste Tuberkulosepasient ut av Lyster Sanatorium.

Tida med sanatorium på Harastølen var over.

Men det tok ikkje lang tid før det kom nye pasientar.

I 1959 kjem to båtlastar med psykiatriske pasientar til Harastølen.

Ein ny epoke startar for bygget.

Dei fleste pasientane skal bu her for resten av livet, eller alle 30 åra denne perioden varer.

Grunna personvern er det lite bilete å finne frå denne tida.

Det er også utfordrande å finne ut kven som budde der på denne tida og kva metodar som vart brukte.

Pasientjournalar er som regel lukka i 100 år eller for alltid.

«I utgangspunktet er det bra og viktig at folk eig si eiga historie ...»

«... men på den andre sida fører det òg til at psykiatrihistoria er heller ukjend og usynleg for dei fleste.»

Dette skriv Oddrun Midtbø i den nye boka Harastølen – heimen til dei utstøytte.

«Biletet av dei «galne», som verserer på internett, er ofte eit reint skrekkabinett. Dermed blir førestillingane og fordommane folk kan ha av psykiatriske pasientar opprettheldt,» skriv Midtbø i boka.

Midtbø jobba på sjukeheimen som sommarvikar, slik som mange andre lustraungdommar.

– Pasientane gjekk fritt rundt. Det var litt som å jobbe på ein eldreheim, men med fysisk aktive bebuarar som gjekk rundt i si eiga verd og som av og til sa noko rart, seier Midtbø.

Ho avviser at det var eit "skrekkhus", men legg til at det skjedde mykje som ikkje var greitt.

Ho forklarar at slik som mange institusjonar gjer det i dag, var det mange ufaglærte som var tilsette på Harastølen som vikarar og at dette kan vere problematisk.

I 1991 er perioden som psykiatrisk sjukeheim over, men det tek ikkje lang tid før huset får nytt liv.

I 1992 er det krig i Jugoslavia og Harastølen vert heim for bosniske flyktningar.

Jula 1992 har næringslivet i distriktet samla inn julegåver til flyktningane.

Det er god stemning blant både bygdefolket og flyktningane då dei bosniske barna samlast rundt nissen.

Men denne stemninga er ikkje det som skal set stekast spor frå denne tida.

Det er ikkje berre enkelt å flykte frå Bosnia og bylivet og flytte inn i det som har vore sjukeheim, på ei fjellhylle på Vestlandet.

Den bosniske kulturen er annleis den norske og mange kjenner seg framande, redde og frustrerte over situasjonen.

Fleire av flyktningane har fått nok.

Ei dame fortel til media at ho heller vil døy i Bosnia enn å leve i Luster.

45 flyktningar reiser frå Harastølen til Oslo i protest.

I 1994 vert huset forlate.

Lysa vert slokne og både menneske og naturen får herje med bygget.

Det vert eit spøkelseshus.

Ein perfect lokasjon for grøssarfilm, spøkelsesjakt og skumle teaterframsyningar.

Og i over 20 år er det dette huset vert brukt til.

Tannlegekontoret som ein gong var nytt og moderne, er no gamalt og nifst.

Trass mange år med hærverk, er det framleis spor etter mykje levd liv her.

I fleire år er det mykje fram og tilbake om bygget skal rivast eller ikkje. Men det er alltid nokon som vil gje det ein ny sjanse.

Denne gongen er det Terje Svindland og Sverre Ophaug.

I 2018 kjøper dei staden, dei vil la bygget leve vidare.

I fascinasjon for historia, vil dei opne Harastølen Hotell.

Planen var å opne i mai 2024.

– Vi vil ikkje klare å opne då, men vi vil ha klart fasaden til då.

Terje Svindland

Men draumen er dyr og dei treng fleire investorar.

Til no har dei sikra bygget innvendig og er i gang med å restaurere tilleggsbygga.

Håpet er å kunne ta i mot hotellgjestar om nokre år.

Det hadde truleg vore billegare å lage ein kopi.

Men for Terje og Sverre er det viktigare å ta vare på historia.

Så kanskje vert spøkelseshuset eit eventyrslott på ny.

Fotojournalist

Matilde Sunde Solsvik
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal