Oppskrifta er rekna ut i prosent i reknearket.
Temperaturen på surdeigsstartaren er perfekt.
Bakemesterskapets nerd baker brød på ein måte du sannsynlegvis ikkje har sett før.

Brødskalle

Slik har Nils (31) perfeksjonert surdeigsbrødet.

Mens nokon baker på slump, er ikkje det tilfellet heime hos Nils Rusås Ruud.

Sivilingeniøren er nøyaktig og systematisk, også når han baker brød.

– Eg er sikkert ein av dei mest interesserte i landet. Det er mange som baker mykje, men eg er nok ein av dei som går mest i detaljane.

Nils skal kjempe om å bli Noregs beste hobbybakar i Bakemesterskapet.

Dei andre deltakarane får du møte seinare i saka, eller du kan hoppe rett til dei her.

Mange nordmenn har dei siste åra blitt hekta på å bake surdeigsbrød.

Nils tar det heile enda litt lenger.

For han er det ikkje nok å skjønne kva han skal gjere for å lage eit best mogleg brød.

Nils vil vite kvifor.

Han viser fram ei bok på 2300 sider, fordelt på fem bind. Han kavar litt med å bere den ut på stuebordet.

Samlinga veg nemleg heile 24 kilo.

Bøkene handlar om historia og vitskapen bak brød.

Nils koser seg med å lese side etter side i senga før han skal legge seg.

Interessa kan ein også sjå igjen i planlegginga av bakinga.

For å få mest mogleg presise oppskrifter bruker han formlar i rekneark.

Der bruker han prosentrekning for alt det er verdt.

Ingrediensane reknar han ut i prosent i forhold til mjølet.

Ein metode brukt av profesjonelle bakarar, og spesielt interesserte hobbybakarar.

Han bruker dette til å samanlikne ulike oppskrifter, og for å sjå korleis deigen vil oppføre seg.

For eksempel kan han sjå om den kjem til å bli fuktig eller tørr, ut frå kor mange prosent vatn det er.

Så er det tid for å gjere teori om til praksis.

Også der veit han kva som skal gjerast for å få brødet perfekt.

«Strekk og brett» er ein av metodane han bruker for å få ein sterk deig.

Han ser på det som ein mellomting mellom eltefritt og vanleg elting.

Deigen blir strekt og bretta fire gonger før den skal heve igjen.

Så til heving i 20 minutt. Denne prosessen gjentek han tre til fire gonger.

Dette gjer at deigen blir sterk, slik at ein kan strekke den langt utan at den sprekker.

Det kallast eit godt glutennettverk.

Resultatet av god kunnskap, planlegging og nøyktigheit ...

... blir eit saftig og perfekt brød.

Noko som kona Elisabeth set stor pris på.

Sjølv om Nils har perfeksjonert brødet, står han nå ovanfor ei ny, stor utfordring.

I Bakemesterskapet må han også bake kaker, noko han ikkje har gjort mykje av tidlegare.

Desse skal kjempe om å bli Noregs beste hobbybakar i «Bakemesterskapet».

Skroll deg gjennom alle, eller hopp rett til ein av dei:

Anniken, Marianne, Miguel, Tonje, Jasreena, Jolanta, Martin, Anita, Marlene, Lukasz, Gea, Nils.

Anniken Bævre (23) frå Sætre

  • Studerer: PR, kommunikasjon og media i Volda
  • Spesialitet: gjærbakst

Ho er yngst, men ser ikkje på det som ei ulempe. Anniken har bakt mykje og håper erfaringa vil vege opp for alderen.

Marianne Elise Bjerkeseth Myren (31) frå Kristiansund

  • Jobbar som: butikkmedarbeidar
  • Spesialitet: temakaker

Ho koser seg med å pynte kaker, og tar seg god tid når ho baker heime. Korleis klarer ein litt distré Marianne seg under tidspress?

Miguel-Angel Fernandez (43) frå Oslo

  • Jobbar som: koreograf
  • Spesialitet: kreativ kakepynting

Bakemesterskapets ferskaste bakar. Miguel begynte å bake kaker under pandemien og blei raskt god, men han er redd han ikkje har variert nok erfaring.

Tonje Johnsen (34) frå Trondheim

  • Jobbar som: miljøarbeidar
  • Spesialitet: temakaker

Tonje er ein erfaren kakebakar med høge forventningar til seg sjølv. Dermed kan skuffelsen bli stor dersom alt ikkje går etter planen.

Jasreena Bhullar (30) frå Oslo

  • Jobbar som: merkevaresjef
  • Spesialitet: cupcakes og indiske smaker

Jasreena elskar stress og drivast av å ha det travelt. Sjølv om det på utsida kan sjå kaotisk ut når ho bakar, er ho roleg inni seg. Eller?

Jolanta Eriksen (44) frå Båtsfjord

  • Jobbar som: gatekjøkkeneigar
  • Spesialitet: fransk konditori

Ho er ein erfaren baker, og deler gjerne av kunnskapen sin i teltet. Samtidig innrømmer litauaren at ho har temperament: Plutseleg tar ho fyr, akkurat som ei fyrstikk.

Martin Haub (32) frå Oslo

  • Jobbar som: lege
  • Spesialitet: smakskombinasjonar

Martin er glad i å eksperimentere og bruker ofte uvanlege og litt rare ingrediensar. Blir dommarane imponert, eller drar han det litt for langt?

Anita Bach (40) frå Siggerud

  • Jobbar som: applikasjonssjef
  • Spesialitet: glutenfrie kaker

Anita kan ikkje ete gluten og laktose. Ho vil vise at allergivennlege kaker også kan smake godt, til trass for at det er meir krevjande å bake.

Marlene Lie (32) frå Fredrikstad

  • Jobbar som: logistikkoperatør
  • Spesialitet: temakaker

Utsjånaden på kaka er det viktigaste for Marlene. Nå må ho utfordre seg sjølv med å eksperimentere meir med smakar.

Lukasz Mojkowski (40) frå Bergen

  • Jobbar som: helsefagarbeidar
  • Spesialitet: kaker og smakskombinasjonar

Lukasz kan mykje om kjemi i baking og er glad i å eksperimentere med smaker. Nå vil han utfordre seg sjølv og dommarane med sin polske vri.

Gea Guttu Onsrud (54) frå Kristiansand

  • Jobbar som: reiserådgivar
  • Spesialitet: krem- og festkaker

Med 50 års erfaring føler Gea seg nøydd til å satse skyhøgt med det ho lagar, sjølv om det er knapt med tid i baketeltet.

Nils Rusås Ruud (31) frå Oslo

  • Jobbar som: sivilingeniør
  • Spesialitet: gjærbakst og surdeig

Nils er ein dyktig brødbakar, men er ikkje så sterk på kaker. Han gruer seg til å dekorere.

Bakemesterskapet kan du sjå tysdagar og laurdagar i NRK TV eller laurdagar klokka 19.50 på NRK1.