Linn Beate lar kroppen bevega seg som han vil
Silje går på klubben edru og aleine
Ida ber stressa og engstelege klientar om å rista laus

Å dansa vekk angsten

Då Linn Beate Gravdal (27) frå Hardanger var yngre, sleit ho med depresjon og angst.

På ein yogatime for ti år sidan fekk ho beskjed om å berre rista på kroppen.

«Eg syns det var veldig rart først. Men så kjente eg korleis det hjelpte. Eg kom i kontakt med kroppen på ein ny måte.»

No brukar ho bevegelse som ein form for terapi.

«Eg føler meg fri. I kroppen og i tankane. Om eg har vore stressa, hjelper det å koma i kontakt med følelsane. Av og til gret eg. Av og til ler eg.»

Silje Vik (31) tar på headset og dansar akkurat der ho vil.

« Det er ein måte for kroppen å uttrykka seg fullt ut. Eg bryr meg ikkje om kva folk syns. Det er gøy!»

Ida Drake er terapaut og anbefaler klientane sine å rista på kroppen.

– Beveging kan nemleg påverkar vagusnerven, den største nerven i nervesystemet vårt.

–Nerven har som hovudfunksjon å roa oss ned. Han blir blant anna aktivert av dans, song, latter og kaldt vatn.

– Me sit veldig mykje i ro i kvardagen. Å rista litt laus kan aktivera nerven, og føra til at ein kjenner seg meir påkopla og til stades.

«Så kan dans dra deg vekk frå krisetankane. I motsetning til depresjon, så aukar dans lykkehormona. »

Silje ser at fleire og fleire gjer som ho. Likevel skulle ho ynskja at enno fleire torde å sleppa seg laus.

«Me må leika meir. Og tillata kvarandre å vera seg sjølv. »

Alle tre er klare på at dans og bevegelse ikkje er ei lettvint løysing på alvorleg angst og depresjon.

«Men det kan vera eit verktøy på vegen. Alle bør kjenna etter korleis dei har det. »

Linn Beate Gravdal

«Og drit i kva andre tenkjer om deg.»

Silje Vik