Skapt av Gud eller Ole?

Dei sju systrene har ei ukjent fortid. Og ei uviss framtid.

Dei sju systrene. Die sieben Schwestern. The Seven Sisters. Vatn i fritt fall på 300 meter tek pusten frå tilreisande frå heile verda.

Heilt sidan turistane starta å komme til Geirangerfjorden på Sunnmøre på slutten av 1800-talet, har dei fått vite at fossen har fått det namnet fordi sløra av vatn liknar på håret til sju kvinner.

Sjølv om turistnæringa i Geiranger har snakka om Dei sju systrene i over hundre år, er det ikkje alt som har kome like godt fram.

Dette er historia om ein vidgjeten foss. Det handlar og om ein tradisjon som få kjenner til. For denne mannen veit noko vi berre har høyrt ville rykter om.

Vi må spole bakover i tid. Fram til slutten av 1800-talet var den kjent som Knivsflåfossen, eller Knivsflåelvane.

Turistnæringa i Geiranger forsto tidleg at du ikkje kan få ein engelsk overklasseturist til å uttale noko slikt, og fekk endra namnet før det første cruiseskipet kom i 1883.

Ei ulempe med å kalle ein foss "Dei sju systrene" er at det faktisk bør vere sju fossefall. Ikkje seks, fem, eller i verste fall fire. For i delar av året er det ikkje alltid sju fossar.

Fossen får vatnet frå Knivsflåelvane, og er vanlegvis på det største når snøsmeltinga går for fullt i juni.

Her, i midten av mai, er våren berre så vidt i gang, og "søstrene" er små. Og alle er ikkje eingong på plass.

I Geiranger ville turistnæringa halde ord. Så når dei lokka turistar til bygda, var dei opptekne av at det skulle renne vatn i alle dei sju fossane.

Vekslande vassføring, og tre og steinar som blokkerte for vatnet var ei utfordring. Turistbygda trong ei løysing.

Møt Ole Knivsflå. Han vart fødd i 1885 på Knivsflå, eit steinkast frå fossen, og var den eldste i ein søskenflokk på åtte.

Fjellgarden Knivsflå blir ofte omtalt som Kniven lokalt, og som den eldste, fekk Ole derfor tilnamnet Store-Kniven. Nærleiken til fossen skulle etterkvart bety mykje for både mannen og vassmengdene.

Store-Kniven var råsterk, og med sitt gode syn var han ein unik jeger. Å komme heim frå jakt med 30 ryper var heilt vanleg for Store-Kniven. Han var og blotta for høgdeskrekk, og det skulle vise seg å bli nyttig.

Den villaste jakthistoria kom då han i 1923 hoppa utfor ein skrent på 4-5 meter, og skaut to jervar med eit skot i det han landa. Og det etter å ha jaga etter dei i fleire kilometer.

Knivsflå vart fråflytta i 1898, fordi ein geolog meinte ein fjellhammar kom til å rase ut og treffe garden. Store-Kniven var då berre 13 år.

Sjølv om Store-Kniven og familien flytta frå Knivsflå, slo dei framleis graset på garden og frakta det i båt til Geiranger. Dette gjorde dei fram til 1967.

Men Ole gjorde og andre ting ved Knivsflå som få visste om...

Ein gong Ole var på nabogarden Skageflå, skal han ha høyrt nokon seie: "Er det ikkje vakkert å stå her og sjå på Gud sitt skaparverk!". Då skal Ole ha svart: "Dette er ikkje Gud sitt skaparverk, det er mitt!"

På midten av 1930-talet tok ein frå vegdirektoratet ferga på fjorden, og då dei passerte fossen, skal han ha beundra "naturens underverk". Store-Kniven var med på turen, og hadde svaret klart: "Det er ikkje naturen sitt underverk, det er mitt underverk!"

Kan det verkeleg stemme at Ole Knivsflå endra på fossane, i dette stupbratte, våte og glatte terrenget? Og kva var det han i så fall gjorde?

Nokre hevdar han brukte dynamitt, men dei som kjente han best, kjenner ikkje til at det skal ha skjedd.

Og dei som kjente han best, er dei som budde i samme hus som Store-Kniven. Då Knivsflå vart fråflytta, tok dei med huset og låven og sette dei opp att inne i Geiranger.

Tre søsken som vaks opp her, i lag med onkel Ole, er på besøk ved barndomsheimen.

Lars Petter Knivsflå, Inger Margrete Knivsflå Sørdal og Odd Knivsflå var ofte med onkelen til Knivsflå for å hjelpe til med å slå graset. Men det var meir enn berre slåtten som skulle gjerast.

Då Odd vart gammal nok, fekk han vere med Store-Kniven bort til fossen for å rydde i elveløpa mange gonger. Det handla mest om å rydde vekk tre og greiner som i løpet av vinteren hadde lagt seg i elvane og blokkerte dei.

«Dei første åra eg fekk vere med, var han engsteleg for meg. Eg fekk ikkje komme for nær elva, han var redd eg skulle ramle uti.»

Odd Knivsflå

Det er midt i mai. Våren har jaga snøgrensa godt oppover fjellsida, men snøsmeltinga har knapt starta oppe i høgfjellet. Dei sju systrene er magre etter vinteren. Snart kan turistsesongen komme i gang. Men nokon har ein jobb å gjere først.

Ingvald Knivsflå er sonen til Odd. Han fører tradisjonen etter faren og Store-Kniven vidare. Nesten årleg sidan han var 17-18 år, har han tatt turen opp for å sjå korleis det står til i elvane over fossen. I år skal han få god bruk for det han ber med seg i sekken.

I terrenget ovanfor Dei sju systrene går han med lette steg over eit tørrlagt elvefar. Skal han få full oversikt over korleis det står til med fossen etter vinteren, må han ned til kanten.

Med mobilen får han dokumentert at i dette partiet er det ikkje noko som hindrar fossen. Her manglar det berre meir vatn. Utsikta frå denne staden er unik. Det er kun nokre korte perioder i året det er mogleg å komme seg ned til kanten her utan å risikere livet.

Ingvald treng ikkje leite lenge før han finn eit blokkert elveløp. Snøen bryt ned trea, og elva flyttar dei nedover. Men i staden for å ende i fjorden, har dei lagt seg i ein stabel. Den eine av søstrene får knapt noko vatn.

Muskelkraft, sag og krafse må til for å rydde elveinfarktet vekk. Litt etter litt trenger vatnet gjennom barrieren, og har fått ein ny veg vidare ned mot kanten.

Kort tid etter renn det på nytt vatn i det ytterste elveløpet, og søskenflokken har fått ei av dei minste jentene tilbake i aktivitet.

Dei sju systrene er klargjort for turistsesongen, men det er ein ting som bekymrar Ingvald. Vinteren har vore snøfattig. Kva vil det få å seie for fossen denne sommaren?

Trass i at snøsmeltinga ikkje har starta skikkeleg, er Ingvald uroa for at det er lite vatn i elvane. Det burde ha vore meir på denne tida av året.

Karl Mjelva har vore sentral i turistnæringa i Geiranger sidan 60-talet. Han meiner at Dei sju systrene har vore veldig viktige for at turistane har kome i hopetal til bygda.

Mjelva trur dei sju fossane, som buldrar 300 meter rett ned fjellsida, var sentrale for å sikre verdsarvstatus for Geirangerfjorden, og at det er viktig å hjelpe dei til å renne fritt.

«Det er hyggeleg at Ingvald gjer denne ryddejobben! Han har litt å slektast på sidan han er i slekt med Store-Kniven som gjorde denne jobben før.»

Karl Mjelva

Sjølv i pandemisommaren 2021 kjem det ein del turistar for å sjå på fossen. Sommaren er tørr og varm, men det er framleis litt snøsmelting oppe i høgfjellet, så fossen er framleis ein attraksjon.

Det er 1.juli, og Ingvald har tatt turen opp for å sjå korleis det står til i elvane over fossen. Før vatnet stuper dei siste 300 metrane rett ned til fjorden, skal det passere gjennom ein del mindre fossar på vegen. Svalande dråpar fyller lufta.

Der han rydda i elva i mai, ser Ingvald at det har hatt god effekt. Elva deler seg i to, akkurat slik ho skal. Lenger nede derimot er ikkje alt som det bør vere.

Eit av elveløpa får mykje mindre vatn enn det skulle hatt. Vatnet som her renn rett forbi Ingvald, sprer seg til fire av dei sju søstrene når det er mykje vatn. No går det meste til tre av dei, den fjerde får berre dråpar.

Vatnet har opp gjennom tida blankskurt svaberget til høgre. No renn det nesten ingenting der, og enkelte grastustar har fått vekse fram. Og det er lenge igjen av sommaren.

Sett frå andre sida, er det tydeleg at det no er lite vatn i dette fosseløpet. Denne "søstra" held seg slank heile vegen ned til fjorden.

Nederst i det samme fosseløpet ser vi at den også der berre er ei tynn stripe med vatn.

Ingvald trur noko av problemet her kan løysast ved å fjerne nokre steinar. Det må i så fall bli gjort ved eit seinare høve.

Den varme og tørre sommaren gjer meir enn å berre minke vassmengda her og no. Oppe i høgfjellet ligg det isbrear som er med på å fore elvane med vatn etter at snøen frå vinteren er borte.

Isbreane på Geitfjellet og Robbeheia ligg på 1400-1600 m.o.h. Ingvald Knivsflå har sett dei minke mykje dei siste åra.

Breforskarar frå NVE stadfestar dette. Frå 2006 til 2019 har desse breane minka med omlag 40 prosent, slik denne figuren viser. Den gule linja viser omrisset i 2006, den blå viser storleiken i 2019.

Breforskarar frå NVE er på veg til feltarbeid på Austerdalsbreen, ei arm av Jostedalsbreen. Dei følgjer nøye med på endringane på isbreane i Norge.

Liss Marie Andreassen er seniorforskar i NVE. Ho seier at isbreane er avhengige av to ting, kor mykje snø som kjem om vinteren, og kor mykje som smeltar om sommaren. Temperaturen har auka, så det er grunnen til at breane over fossen har minka med 40 prosent frå 2006 til 2019.

«Dersom breane blir heilt borte, vil det kun vere regn som gir vatn til fossen etter at snøsmeltinga er over.»

Liss Marie Andreassen, seniorforskar i NVE

Karl Mjelva synest det er trist dersom breane forsvinn og det endar med at fossen får mindre vatn i framtida.

«Det er trist å høyre slike historier, men fakta er vel at det stemmer, og då vil det gå ut over elvane våre på seinsommaren og hausten.»

Karl Mjelva

I slutten av august er Ingvald på fjorden under fossen, for å sjå korleis det ser ut.

Etter ei lita opptelling, kjem han fram til at det er vatn i alle sju fossane, men fleire av dei er veldig små.

Det har vore den tørraste sommaren han kan hugse. Og om breane etterkvart forsvinn, trur han det vil påvirke fossen.

«Det er fossar, elvar og fjord turistane kjem for å sjå. Hvis elva og fossen her var tørr, ville det ikkje blitt heilt det samme»

Ingvald Knivslå

Epilog:

Ole Knivsflå vart buande i huset i Geiranger fram til like før han døydde 27.mars 1970. På loftet i samme hus budde nevøen Odd og kona Guri Knivsflå. Siste gong Store-Kniven tok turen opp trappa til dei, var i februar. For å helse på den nyfødte sonen deira, Ingvald. Neste generasjon fosseryddar.

Og lurer du på korleis det gjekk med fjellhammaren som skulle treffe Knivsflå og tvang dei til å flytte? Den er der framleis, og geologar seier den er stabil.

Dronefoto (tatt med dispensasjon fra Geiranger-Herdalen verneområdestyre)

Øyvind Sandnes

Intervjuar

Tore Ellingseter

Kjelder:

Terje Drege Rusten, Guri Knivsflå, Karl Mjelva, Harald Kjølås, Oddgeir Bruaset, Lars Petter Knivsflå

Bærehjelp

Iver og Kjell Myklebust

Ansvarlig redaktør

Vibeke Fürst Haugen