Staden der krisene møtest

Fire år utan regn.

Mellom trea og buskane finn du berre tørr jord.

Jorda her pleier å bli dyrka, og i normale tider klarer folk seg sjølve.

Men det er ikkje normale tider. Klimaet er i endring.

Masse små telt har poppa opp rundt byen Baidoa, vest i Somalia.

Eit telt betyr ein familie. Og det finst mange telt i Baidoa.

Dei har ikkje mykje, men dei har ly for sol og vind. Regn kjem det jo uansett ikkje så mykje av.

Telta er ikkje bygd for at folk skal bu der lenge.

Men nokre flyktningar har likevel budd i Baidoa i fleire år. Det er der hjelpa finst.

Den omfattande tørka skaper stor mangel på mat og drikke.

Det fører til sjukdommar. Og dei minste er aller mest sårbare.

Fleire barn i Baidoa får ernæringstilskot.

Til saman må 7,5 millionar somaliarar ha hjelp til å få i seg nok mat.

Men det er ikkje berre tørke som skaper krise.

Det er soldatar kor enn du går.

Fienden deira er terrorgruppa Al-Shabaab.

Den somaliske regjeringa har starta ein offensiv mot Al-Shabaab.

Konfliktane har gjort det vanskelegare å drive naudhjelp.

Hjelpeorganisasjonane må bruke meir pengar på sikkerheit, og det er vanskelegare å få fram hjelpa.

Samtidig merkar dei også her at prisane i verda har gått opp.

Det har blitt dyrare å hjelpe folk på flukt.

Ein håplaus situasjon, eller finnest det eit lite håp likevel?

Det falt i alle fall nokre regndråper over Baidoa då NRK letta og reiste sin veg.

Korrespondent i Baidoa, Somalia

Vegard Tjørhom

Utanriksredaktør

Sigurd Falkenberg Mikkelsen
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal