Obama (12) elskar fotball
Men synet hans gjer det vanskeleg å sjå ballen.
Han slit også med å henge med på skulen.

Når synet forsvinner

Ei kvinne frå masaifolket i Kenya får sjekka synet for første gong i sitt liv.

Ho kan bli blind om ho ikkje får hjelp.

I Kenya jobbar mange med kyr, sau og geit, og kan vere ekstra utsette for augesjukdommar.

Lange dagar ute i sterk sol, støvete luft og floger som transporterer sjukdommar. Slikt kan bety trøbbel for augene.

Difor er det ekstra viktig at dei sjekkar augo.

Om pupillen har eit grått skjær er det grunn til å slå alarm.

Grå stær kan gjere deg blind om du ikkje får hjelp. Rundt halvparten av verdas blinde har grå stær.

Grå stær er vanlegast blant eldre. Men også Obama har grå stær - på begge auge. Han kan bli blind, men no skal han få hjelp.

Han slit på skulen fordi han ser dårleg, og han får kjipe kommentarer.

Men no skal Obamas liv forandrast.

Det som fører til grå stær blir fjerna, og ei ny linse blir sett inn i auget til Obama.

Når han får venje seg til linsene vil han sjå mykje meir enn før.

Obama ser gjennom eit verktøy med fire runde brilleglas. Det skal hjelpe han å finne riktig styrke på brillene han skal få. Han har på seg ei gul fotballskjorte, og ei kvinne i blå t-skjorte står på sida og held verktøyet han ser gjennom. Mammaen til Obama sit på Obamas høgre side og følger nøye med på det som skjer.

No skal synet testast, slik at han får riktige briller som skal hjelpe dei nye linsene å gjere jobben.

Ein eldre afrikansk mann sit inne i eit mørkt rom. Han har eit oransje, raudt og gult pledd rundt seg. Nokon utanfor biletet lyser med lommelykt mot han, og held eit verktøy framfor han. I verktøyet er det fire rundingar, der det går an å sette inn ulike brilleglas.

I Kenya, og dei fleste andre afrikanske land, er det vanskeleg for folk på landsbygda å få hjelp med augesjukdommar.

Men det skjer stadig framskritt. Og dermed blir færre folk blinde.

Slik som Obama. No gler han seg til skulen, og om han ikkje blir fotballspelar kan han kanskje få ein annan jobb?