Etter at 23 elvar fløymde over sist veke, er fleire titusen italienarar heimlause.
Dei fleste har kome seg vekk frå heimar raserte av jord og vassmassar.
Men no må nokon ta rekninga for å rydde opp: Nesten 60 milliardar kroner.

På djupt vatn

Rosita er heldig. Då elva Lamone fløymde over i Faenza, mista ho korkje hus eller eigendelar.

No er ho og ein medstudent på veg for å hjelpe ein dei kjenner som mista alt.

Det verkar som om heile lokalsamfunnet har stilt opp for å hjelpe til.

Griseriet kjem ein ikkje unna. Menneska dei møter har gjørma på kleda, i ansiktet og oppetter armane.

Han dei kjenner (til venstre) bur i første etasje. Her har elvevatnet tvinga seg inn og ført til store skadar.

Vassmassane har sidan runne vidare nedover dalen. Haugar med gjørme og vrakrestar ligg att.

Slik har det gått med eit kjent fotostudio i sentrum.

Folk frå heile Italia og utlandet har meldt seg frivillig til oppryddinga.

«Det er godt å kunne hjelpe til. Det er betre enn å sitte heime og sjå på fjernsyn.»

Rosita

Det er fleire lokalsamfunn som slit. Flaumane har råka heile 42 kommunar.

Vatnet har rive med seg mykje på vegen, og utløyst 300 jordskred.

13 personar er døde som følge av flaumane.

Men dei fleste har teke seg til tryggare grunn, eller fått hjelp av redningsmannskapa.

Den italienske statsministeren Giorgia Meloni avbraut G-7 møtet i Japan for å besøke dei flaumråka.

Ho lovar også skattelette til dei hardast råka kommunane.

Men rekninga er ikkje ubetydeleg. Det er snakk om skadar til minst 5 milliardar euro.

Ifølgje Bloomberg inneber dette avlingsskadar på rundt 1,5 milliardar euro. Store område med vin og frukt er overfløymde.

Fruktplantasjane som er råka vil ikkje bere avling på fem år.

I tillegg har ein tredjedel av kornavlingane gått tapt. 50.000 sesongarbeidsplassar i jordbruket står i fare.

Langs vegen mot Middelhavet har mange parkert bilane sine på motorvegbruer for å hindre at dei blir tekne av stigande flaumvatn.

Italienske geologar jobbar med å leie dei store vassmassane vekk frå utbygde område, der dei renn ut mot havet. Her er straumen er for sterk til at ein kan køyre vidare, og asfalten er i ferd med å smuldre opp.

Ein er også i gang med å reparere dei 400 vegane som er skada.

Sakte men sikkert prøvar ein å lækje dei store såra i landskapet. Arra blir nok verande i lang tid.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal