Rekordmange har møtt opp til rekonstruksjonen av Napoleon sitt største slag.
Krigsherren blei aktuell på nytt med spelefilmen som kom hausten 2023.
Men til forskjell frå skodespelarane i Hollywood, lever desse i fleire dagar som soldatar på slagmarka.

Kva kan vi eigentleg lære av Napoleon?

Ganske mykje, meiner ein norsk offiser.

Kvart år kjem hundrevis av historieinteresserte til Austerlitz.

Det er ei slette utanfor den tsjekkiske byen Brno der tre keisarar møttest med sine armear.

Det var her den franske keisaren Napoléon Bonaparte vann sin største siger i 1805. Heile verda trudde han var uovervinneleg.

Uniformene er kopiert ned til minste detalj for å attskape det berømte slaget.

Ryggsekkar og utrusting er også nøyaktige kopiar.

Ved både Austerlitz og Waterloo spelast krigsherren av ein amerikanar.

«Eg har spelt Napoleon sidan 2005. Å gjere dette på hans største slagmark er ei stor ære for meg.»

John Schneider

Også på slagmarka denne dagen var den historieinteresserte norske offiseren Egil Daltveit.

Han meiner dagens militærleiarar framleis har mykje å lære av Napoleon.

For det første reformerte Napoleon landet sitt. Han gjorde franskmennene til frie borgarar som kjempa for keisar og fedreland, i motsetnad til for eksempel Russland, som styrte med tvang.

«Napoleon som fagmann er ein av dei største generalane i verdshistoria, han blir nemnd saman med Hannibal og Julius Cæsar.»

Egil Daltveit, Oberstløytnant i Forsvaret

Han var også den som skapte moderne krigføring, fortel Daltveit.

I Austerlitz var Napoleon i undertal.

Dei allierte, Austerrike og Russland, trudde derfor at det skulle bli ein lett siger.

«Men Napoleon hadde ei spesiell evne til å visualisere slagmarka. Han brukte ikkje kart slik som no, berre enkle skisser. Ordrane blei gitt med bodbringarar.»

Egil Daltveit, Oberstløytnant i Forsvaret

For det andre gav Napoleon kommandantane på slagmarka fridom til å gjere eigne vurderingar.

«Han fekk dermed fleire hovud til å tenkje, enn andre hærførarar i same periode som forsøkte å leie alt sjølv.»

Egil Daltveit, Oberstløytnant i Forsvaret

Desse kommandantane var taktisk overlegne på slagmarka. Dei kunne på eiga hand gjere endringar når noko ikkje fungerte.

Med eld og røyk var slaget i gang.

For det tredje fekk Napoleon dei ulike våpengreinene til å samarbeide. Slik fekk han meir kampkraft ut av færre soldatar.

Fotsoldatane gjekk oppreist på rekke mot fienden, og samla med dette eldkraft frå muskettane.

Det kravde lang trening for å klare å stå oppreist når folk rundt deg ramla i bakken. Ofte var det dei mest erfarne soldatane som stod i fremste rekke.

Muskettane var treffsikre først på femti meter. Ein måtte stå oppreist for å lade dei.

«For å få resultat måtte ein stå tett saman og fyre av. Det skapte ein slags knyttneve mot fienden.»

Egil Daltveit, Oberstløytnant i Forsvaret

«Artillerikanonane til Napoleon var sjølve storslegga i slaget.»

Egil Daltveit, Oberstløytnant i Forsvaret

«Desse var 1800-talets HIMARS og MLRS, og like viktige på den tid som i Ukraina i dag.»

Egil Daltveit, Oberstløytnant i Forsvaret

Realiteten varte mykje lengre. Over 150.000 soldatar kjempa her i 9 timar. 18.000 av dei blei drepne.

Austerrike og Russland mista over 30 % av styrken sin. Det utgjorde svært høge tap på den tida.

Slaget ved Austerlitz er framleis pensum på mange krigsskular rundt om i verda.

I Frankrike skapte sigeren ny optimisme, og Napoleon klarte å avverje ei politisk krise på heimebane.

Fotograf

Andras D. Hajdu

Korrespondent

Roger Sevrin Bruland
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal