I starten av august såg elva Indus i Pakistan slik ut.
Nå ser ho ut som ein sjø.
Flaumen har tatt over 1200 menneskeliv. 33 millionar menneske er ramma.

Ein historisk stor flaum

Aldri før har det regna så mykje i Pakistan. Ein tredjedel av landet er nå under vatn.

Kraftig monsunregn og smeltevatn frå isbrear i den nordlege delen av Pakistan har bidratt til den største flaumen landet har opplevd i nyare tid.

Satelittbilde frå før og etter oversvømminga viser tydeleg konsekvensane av dei enorme mengdene med nedbør.

I år er monsunregnet ekstremt, ifølge forskarar. Nedbøren er venta å auka framover.

Provinsen Sindh sør i landet er hardast ramma.

16.000 skular i provinsen har blitt ramma av flaumen. Barn får nå undervisning frå Charity Al-Khidmat Foundation i midlertidige skuletelt.

Flaumen har øydelagt meir enn 495.000 heimar, ifølge pakistanske myndigheiter.

Rundt 5500 skular har blitt tatt i bruk for å husa familier som har mista heimane sine.

Meir enn tre millionar barn står i fare for vassborne sjukdommar, drukningulykker og underernæring som følge av flaumen. Til nå har nærmare 400 barn omkomme som følge av oversvømminga. FNs barnefond Unicef seier dødstala definitivt kjem til å auka.

Etter at eit utbrot av vassboren diare blei rapportert i går, auka myndigheitene innsatsen for å sikra folk reint drikkevatn.

FN har bede om 1,5 milliardar kroner i humanitær støtte til landet. Neste veke drar FN-sjefen Antonio Guterres til Islamabad i Pakistan. Noreg har lova 25 millionar kroner til nødhjelp og matsikkerheit til Pakistan. USA vil gje 30 millionar dollar.

Nyleg nådde nødhjelp frå Usbekistan fram.

Natt til fredag lykkast også ein redningaksjon støtta av militæret med å nå fram til dei 3 millionar menneska som er flaumfaste i nokre deler av landet.

Auka mengder nedbør er noko forskarane forventer som følge av klimaendringane.

Pakistan står for mindre enn 1 prosent av klimautsleppa i verda. Samtidig er landet på åttandeplass over dei mest utsette for klimaendringane.

Regionen Gilgit-Baltistan nord i landet har så langt i år hatt 16 utbrot frå innsjøar ved isbreane. I fjor var talet fem eller seks.