Iselin (33) hatar å prøve bukser. Det er sjeldan ho finn eit par som passar.
No vil ho lære seg å lage klede sjølv. Samstundes kan ho kanskje redde jorda.

Er det mogleg å sy seg ut av klimakrisa?

Draumen om klede som kler eigen kropp.

Heime har Iselin mann og ungar.

Å sy tar tid. Det har ho lite av.

Men i sommar fekk ho ei gåve.

Ein billett til ein gigantisk syfestival i Vikingskipet på Hamar.

Det betyr ei helg med mykje eigentid.

Ho gler seg!

Men ho er spent og.

For i Vikingskipet ventar ei oppgåve.

Iselin skal lære seg å sy ei jakke.

Å sy bukser får bli seinare.

Heldigvis er ho ikkje aleine.

Det er som eit stort LAN.

Berre at datamaskinene er bytt ut med symaskinar.

Synerdar og gjenbruksentusiastar har komme frå heile landet.

No er dei samla under eitt stort tak.

Jenny Skavlan og kompanjongane hennar i selskapet Fæbrik, er arrangørar.

Dei er opptatt av mote – men dei vil noko meir.

Dei vil skape ei grønare verd.

Utan å moralisere.

Dei vil heller ha det morosamt på vegen.

Og den moroa kan komme godt med.

Klesindustrien er nemleg ein større trussel mot klima enn fly og skip.

Det fortel ein FN-rapport frå 2019.

"Fast fashion", hurtigmote, er det store problemet.

Mengder av klede i dårleg kvalitet vert produserte i ein forrykande fart.

Nordmenn ligg på verdstoppen.

I overforbruk av klede.

3 % av alle kleda vi kvittar oss med, går til gjenbruk i Noreg.

Ifølgje Norsk institutt for bærekraftsforskning AS vert 97 % av dei brukte kleda våre sende ut av landet.

Ein stor del hamnar på søppelberg i utlandet, eller i avfallsdeponi.

Mottakarlanda vert kvelte av kleda våre.

Avfallskolonialisme, vert det kalla.

Løysinga? Vi må handle mindre.

Det kan bli vanskeleg.

Det synest Jenny Skavlan og.

Derfor har ho laga seg ei sjekkliste.

Har eg allereie eit plagg som liknar?

Er dette ein trend eg fort blir lei av?

Kan eg kjøpe noko liknande brukt?

Kan eg droppe syntetiske stoff?

Eg vil berre eige klede eg elskar.

Men vi menneske sluttar ikkje med å vere opptatt av kva vi har på oss.

Klede er ein viktig identitetsmarkør.

Og det er heile poenget med eventet i Vikingskipet denne helga.

Folk kjem for å få inspirasjon.

Dei vil kle seg trendy og unikt.

Men kor vart det av Iselin i alt mylderet?

Trua på at jakka skal bli fin er stor.

Men ho vil noko meir med denne helga.

For Iselin er lærar.

Ho har lyst til å utfordre elevane sine på ungdomsskulen.

Vise at ho går i klede som passar både kropp og sinn.

Og at det er mogleg, utan å kjøpe nytt.

Ho er ei tolmodig dame, Iselin, men no blir ho sett på prøve.

Det hadde vore mykje lettare å ligge i senga og shoppe frå ein nettbutikk.

Når vi kjøper noko vi har lyst på, blir det løyst ut ein liten rus av dopamin i hjernen.

Det er deilig, men det varer ikkje lenge.

Å sy eit plagg er ein lang prosess.

Det er både vanskeleg og tidkrevjande.

Men den gode kjensla av plagget du har laga sjølv, er sterk.

Mykje sterkare enn den du får av noko du har "klikka heim".

Iselin er straks i mål med jakka. No skal ho heim og sy ei bukse.

Og så har ho bestemt for noko.

Ho vil eige færre klede. Berre klede ho elskar.

Klede som fell fint på hennar eigen kropp.

Journalist

Hanne Næss Tremoen

Fotograf

Lars Erik Skrefsrud

Reportasjeleiar

Sverre Lilleeng

Redaksjonssjef

Sigurd Steinum

Redaktør

Nareas Sae-Khow
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal