Kjærleik på skinner

I snart 100 år har det gått trikk på Gråkallbanen i Trondheim. På så lang tid har det vore mange reisande. Som Ola Bremnes sa: «Kan hende du segler tilfeldig som gjest, kan hende du går her i rute».

Trondheim kommune har teke med nokre av dei eldre på tur med ein av veterantrikkane på Gråkallbanen. Det skal mimrast, men dei er også der for å feire kjærleiken.

På bakarste rad på trikken sit Eli og Gunnar Hansen. Tenk at eit tilfeldig møte på trikken kunne bli til eit ekteskap som så langt har vart i 65 år?

Vi skal tilbake til 1956 då Elvis Presleys «Heartbreak Hotel» toppa hitlistene i verda ...

... og Gråkallbanen såg slik ut.

Framme på trikken går Eli og venninna om bord. Dei skal ein tur ned til byen. Bakarst kjem Gunnar og ein kamerat om bord.

Medan venninna til Eli var mest begeistra for kameraten til Gunnar, fekk Eli auga opp for det som skulle bli ektemannen.

Eli og venninna drog til byen for å sjå på gutar, som Eli sjølv seier. Men det enda med at ho og venninna gjekk etter Gunnar og kompisen.

Kvelden slutta med at dei tok ein brus på Misjonskafeen. Sidan den gong var dei meir eller mindre kjærastar.

Mykje har skjedd sidan den gong. Eli ser ut av vindauget på trikken og mimrar.

Det er fleire som bur på Byåsen no. Også seier dei på trikken at det ikkje fanst pizzarestaurant på Munkvoll stasjon før i tida.

«– Det er veldig rart. Det byr på mange minne.»

Eli Hansen

To år etter dei møttest på trikken, gifta dei seg i Havstein kyrkje.

Dei neste 11 åra fekk dei til saman fire barn.

«– Vi har hatt mange år saman både på godt og vondt. Vi er jo to ulike personar og då kan jo ikkje alt vere som smør. Det går berre ikkje an.»

Eli Hansen

Dei hadde ikkje trudd den gong dei drakk ein brus på Misjonskafeen at dei skulle sitje saman på trikken 67 år seinare. Skulder til skulder. Eit liv levd saman.

Men her sit dei.

Og til dei som er nyforelska i dag, så har Eli eit tips.

«– Prøv å halde dei i handa. Eg prøvde å lirke handa mi inn i handa til Gunnar. Prøv å gjere eit inntrykk.»

Eli Hansen

Etter 65 år feirar dei kronjuvelbryllaup ...

... og alt starta med ein tur på trikken ❤️

Journalist

Trond Odin Myhre Johansen
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal