Nytt år, nye moglegheiter.
Men korleis har pandemien påverka desse moglegheitene?

Tilbake til normalen, takk!

Nok eit år med pandemi har sett sine preg på nyttårsforsetta.

For mange er 1. januar ein dag som symboliserer at mørke tider blir lysare. Dette er ein dag full av lovnadar om kva ein skal oppnå det neste året.

Nokon skal trene meir...

andre vil ete sunnare mat...

medan nokon vil kutte ned på mobilbruken.

Men pandemien har resultert i at også alternative mål og ønske har vakse fram blant fleire av oss.

Ei av dei er Mie Skau Vedeler. Ho jobbar i hotellbransjen, og er på luftetur saman med hunden Chaos i Frognerparken.

For Mie er årets nyttårsforsett bytt ut med eit klart og håpefullt ønske.

«Alt eg vil er at vi skal få komme tilbake til ein normal kvardag.»

«Når vi blir avskore frå dei tinga som er viktige i liva våre, er det ingen tvil om at det påverkar oss ganske kraftig.»

Jan-Ole Hesselberg, psykologspesialist

Sjukepleiar Kristina Kvello (t.v.) og student Ingeborg Aunsmo er også ute på luftetur.

Både sjukepleiarar og studentar har blitt hardt ramma av pandemien. For venninnene har det derfor blitt mykje tid innandørs.

– Dette året skal eg vere meir sosial, slik at eg kjem meg ut døra oftare, seier Kristina.

– Og ikkje minst bli flinkare til å invitere andre med på ting, gjerne til aktivitetar utandørs, legg Ingeborg til.

Vi tenker heile tida på ting vi vil strekke oss etter. Det krev mykje av både krefter og motivasjon for å få det til, seier psykologspesialist Hesselberg.

«Derfor er det viktig å ikkje bli misfornøgd om ein ikkje når måla sine. Det er ein heilt naturleg del av det å vere menneske.»

Nede ved Frognerelva står Per Martin Johansen ofte og matar fuglar med brød. Han finn glede i å gjere andre sine dagar betre, både for menneske og dyr.

«Om ein gir så får ein tilbake. Det er lite som skal til for å få folk til å smile, så det vil eg gjere enda meir av i 2022.»

Mating av fuglar er ein hobby han deler med kjærasten sin, Matilde Lillo-Stenberg. Ved elva skal dei finne roen saman det kommande året.

«Eg vil gjerne komme nærmare naturen, i tillegg til å bruke meir tid på dei tinga eg likar å halde på med.»

Matilde Lillo-Stenberg

«Å ha eit mål å strekke seg etter er litt som å trekke eit lodd til eit lotteri. Ikkje alle vinn, men om ein ikkje prøver så tapar ein uansett.»

Jan-Ole Hesselberg, psykologspesialist

Fotograf

Erlend Skorpetveit Aga og NTB
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal