Slik opnar Noreg att

562 dagar med restriksjonar er over. Kjem kvardagen tilbake?

Fredag meldte regjeringa at landet kunne opna att laurdag 16.00.

Sjølv tok statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie feiringa litt på forskot, og gav kvarandre ein klem 27 timar før gjenopninga.

Laurdag føremiddag hengde Sturla Aslaksen opp ei diskokule på utestaden Youngs i Oslo. I staden for stolar med ein meters avstand, vart det lagt ut dansegolv.

– Me er jo ikkje her for at folk skal ha det roleg og koseleg. Me er jo her for at folk skal ha full fest, sa Aslaksen.

Ein nærmast sprekkeferdig Petter Stordalen greidde ikkje å venta heilt til slaget 16.00, og sette i gang feiringa utanfor hotellet The Hub i Oslo eit par minuttar før.

Jernbanetorget var stappfullt med folk som ville vera med på Stordalen si feiring.

Akkurat på slaget gjenopning byrja ishockeykampen mellom Narvik og Furuset. På tribunane kunne publikum oppføra seg som publikum igjen. Utan krav om avstand.

Heimelaget Narvik vann 7–1.

Klokka 16 spretta dagleg leiar for konsertscena Terminalen i Ålesund, Synnøve Sandnes, champagnen.

Utan krav til bordservering.

I Kristiansand serverte ordførar Jan Oddvar Skisland mange kvadratmeter med kake.

<– Dette har vore ein mykje lengre og tøffare runde enn eg hadde sett for meg.

16.11 var Fargegata i Stavanger tjåkande full.

... og festen kunne byrja.

Ole Martin Iversen i Haugesund lever av å vera liveartist. Han har sakna den gode stemninga på byen, med klemming og dansing.

– Det er ubeskriveleg, og eg trur folk gler seg som berre rakkaren til i kveld. Det kjem til å bli allsong og hiv-og-hoi.

Og byen var det mange som hadde tenkt seg på, slik som Matias Kvinge Larsen (19) og Runar Sømme (20) i Bergen.

– No skal me gå tett på damene. Me skal unngå ein-meteren for alt det er verdt på byen i kveld, sa Sømme.

Innehavar Astrid Overaa ved Teaterfabrikken i Ålesund tok imot Emilie Giske med ein knuseklem laurdag kveld. Teaterfabrikken i Ålesund feirer 25 år, og kunne endeleg ta inn så mange gjestar som normalt.

Slagordet frå byrjinga av pandemien, «Alt blir bra», slo kanskje ikkje heilt til fyrste kvelden.

Oslo var ikkje den einaste staden der det var lange køar på byen opningskvelden.

I Trondheim trong fleire helsetilsyn etter å ha besvimt i dei lange køane utanfor utestadane.

Fleire stadar vart det slåsting, slik som her på Brygga i Tønsberg.

... og her i Bergen.

– Dette kan meir samanliknast med ein 16. mai eller nyttårsaftan, oppsummerte Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Dagen derpå kunne iallfall desse to nyta godt av etterlatenskapane frå natta før.

Foto:

Milana Knezevic, Torkil Stoltz, Kari Løberg Skår, Øyvind Sandnes, Anna Sørmarken Vestly, Frida Brembo, Håkon Mannsåker, Tony Ågotnes, Dan Kåre Engebretsen, Silje Rognsvåg, Odd Henry Lindtner, Sjur Mikal Dolve
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal