Dugnadsmottaket

60 ukrainske flyktningar bur på eit provisorisk mottak drive av berre frivillige.

Kristina Talan og sonen Makar (3) måtte flykte langt frå heimlandet sitt. Litt musikk frå mobilen er likevel alltid gøy.

Heldigvis har nokon donert fleire kassar med leikar og bamsar for då musikken vert kjedeleg.

... og ballongar når ein vert lei leikane igjen.

Irina Kolodiazna flykta frå heimbyen Zaporizjzja saman med dottera Viktoria Muziol til Ålgård i Gjesdal.

No bur kring 60 ukrainske flyktningar på den nedlagde gjestgivargarden.

Her må Anna Porohnyakova og Nurana Abbasova sjølv vere med på oppvasken.

For her vert alt gjort på dugnad av slike som Bjørn Lende.

Alt frå klede og mat til tannkrem og hårstrikkar er donert av lokalbefolkninga.

Yuliia Kuzmych (18) er glad for å vere trygt framme i Noreg.

Tanken på krigen i heimlandet går likevel ikkje bort.

Ho måtte gje opp universitetsstudiet i informatikk (eng: computer science) til fordel for kjøkenteneste på eit provisorisk flyktningmottak.

Men ho har framleis mor si Olena som selskap.

På Noregs største frivillig drive flyktningmottak går no dagane til felles frukostar,

kjøkenarbeid,

og gitarøving, som Sasha Vititnov (14) og Valentin Stopkin (17) gjer.

Men heile tida ventar og håpar dei på godt nytt heimanfrå.

Godt nytt både frå sine kjære og for å kanskje ein gong kunne reise heim att.

Fotojournalist

Ole Andreas Bø

Journalist

Josef Benoni Ness Tveit
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal