Det har vore plass for samling og gudshus i bygda i over hundre år.

Siste vers for norske bedehus

Frå samlingsplass til tomme hus i små samfunn. Kva skjedde med dei norske bedehusa?

I vinter kom Lindås Indremisjon med eit ultimatum.

Om det ikkje kom fleire på møta måtte bedehuset seljast.

Det har ikkje kome fleire på møta.

Flokken er blitt liten og gamal, og det er ikkje krefter til å halde bedehuset i stand.

Straumrekninga er høg, kollekten er låg.

Korleis vart det slik?

Finst det ei frelse for dei norske bedehusa?

Eller går det mot slutten for bygdene sine gudshus og samlingsstader?

Kristian Gangstø har vore omreisande predikant for Norsk Luthersk Misjonssamband i fleire tiår.

Det vert stadig lengre reiseveg for å kome til bedehus som framleis er i bruk.

Han har mange gonger talt om å vere sterk i trua. No er han ofte motlaus sjølv.

«Det hender det kjem ei tåre. Dei som er att er få og gamle. Når dei og eg gir oss, er det ingen som tek over.»

Kristian Gangstø

Kring 3000 bedehus er bygd rundt omkring i Noreg.

Det var stor prestisje i å få reist eit bedehus i bygda.

Det fungerte ofte både som gudshus og samfunnshus.

Somme er blitt til bustader, lager eller kunstgalleri.

Her på Berland på Askøy er bedehuset gjort om til bygdehus.

Andre vert forlatne og står som monument over det som ein gong var ei sterk kraft i landet vårt.

Folk bur andre stader, det er større evne og vilje til å køyre bil, og høgare krav til korleis ei forsamling skal vere.

I tillegg er det mindre organisert religiøsitet i Noreg.

Ingen held oversikt, men det forsvinn mange bedehus kvart år.

Men ikkje alle har mista trua på bedehusa og det dei representerer.

«Bedehusa vart bygde på ei kjensle om at dei var viktige, ei kristentru folk kjende i hjartene sine. Dette lever vidare.»

Bård Eirik Hallesby Norheim, professor, NLA

«Men bedehusbevegelsen må redefinere seg. Rørsla er best når den ser framover.»

Bård Eirik Hallesby Norheim, professor, NLA

På Sartor senter i Øygarden, midt i tradisjonelt bedehusland, finn vi ein ny type bedehus.

«Det er langt frå eit tradisjonelt bedehus til eit kjøpesenter. Men eg ser på oss som ei vidareføring av bedehuskulturen. »

Fredrik Ree, pastor i Tremorkirken

Her rettar dei seg mot dei unge, og samlar mange til møte kvar fredag.

Dette er eit bedehus i vekst.

No ser dei seg om etter nye og større lokale.

«Eg trur det er håp for vekst i bedehusbevegelsen, om dei fokuserer på at religion er noko du må kjenne i hjartet ditt.»

Bård Eirik Hallesby Norheim

Men etter hundre år er Lindås Indremisjon kome til siste verset.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal