Berre i det offentlege blir det kasta 7000 tonn kontormøblar i året.
Men tala er usikre, for det er ikkje rapporteringsplikt på møblar som går i søpla.
Likevel er det grunn til å vere optimistisk.
Dette bordet har fått nytt liv fleire gonger.

Når møblane får ein ny sjanse

For litt over eit år sidan var det fullt av liv rundt dette bordet i St. Olav barnehage i Haugesund.

Men så stengde barnehagen.

Og ungane løfta jakkene sine ned frå knaggen sin ein siste gong.

Tilbake står minner frå travle barnehagedagar.

Og møblar som ingen bruker.

Kva om dei kan få ein ny sjanse?

1. januar i år blei det innført eit generelt krav til at klima og miljø skal inkluderast i offentlege anbod. Dette skal vektast 30 prosent.

Til dømes kan ein velje brukte møblar i nye prosjekt for å møte kravet.

Fleire og fleire kommunar har byrja å kartlegge kva møblar dei har, reparere det som er øydelagt og bruke dei i andre avdelingar.

I Haugesund kommune får ingen kjøpe nytt før dei har snakka med Vivian Klovning.

Ho jobbar som koordinator på den ferske gjenbrukssentralen.

– Det er mange ting i kommunen som kanskje andre treng, men ikkje veit om. Nå blir alt sett i system.

Vivian Klovning

Til dømes veldig mange gule skuffeseksjonar.

Målet er å spare både pengar og miljø. På sikt skal drifta finansiere seg sjølv fordi kommunen kjøper færre nye ting og slepp utgifter til avfallshandtering.

Dei samarbeider med UNI-K, eit selskap som tilbyr tilrettelagt arbeid. Dei hentar, leverer og reparerer møblar.

Meir erfarne gjenbrukskommunar har spart fleire millionar.

Bergen kommune sparte 2.664.500 kroner i fjor på ombruk av møblar og inventar. Medan Oslo estimerer at dei sparer 17 millionar kroner i året. 

Og berre sidan juni i år har Trondheim kommune spart 1,2 millionar kroner på å ikkje kjøpe nye møblar.

I miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender blir dei ekstra glade av gjenbruk i offentleg sektor.

– Dette er faktisk ei av miljøsakene som gjer meg mest optimistisk. Ved å bruke om att kan vi som samfunn spare både pengar og miljø.

Anja Bakken Riise, leiar Framtiden i våre hender

I Haugesund har møblar allereie fått eit nytt liv på nye plassar.

Hugsar du det grøne bordet i den nedlagde barnehagen?

Det blei frakta til gjenbrukssentralen.

Men fem veker seinare fekk det ein ny sjanse.

Ein barnehage på andre sida av byen trengde eit bord og kontakta gjenbrukssentralen.

Det kom inn dørene akkurat i tide før fredagstacoen skulle serverast til Jesper Monsrud (2), Henrik Wilmann (snart 2) og Iben Økland (2,5) i Sagatun barnehage.

Dette bordet blei faktisk kjøpt nytt av denne barnehagen for mange år sidan.

Så gav dei det til St. Olav barnehage.

Og seks år seinare har dei kjøpt det brukt tilbake.

Kanskje smiler ungane i Sagatun ekstra breitt fordi dei er vitne til sirkulær økonomi i praksis.

Eller kanskje fordi det var så godt med taco.