Det er få unge i norske kommunestyre
I Klepp er talet null

Dette er Klepp.

Her bur det rundt 20.000 menneske.

Og befolkninga er yngre enn elles i landet.

Men inne på rådhuset har dei unge lite dei skulle ha sagt.

Roar Lima Grødeland er yngst i kommunestyret.

Han er 40 år.

«Det er jillt å vera ung, men ikkje yngst i kommunestyret. Det er ein tittel eg ikkje vil ha lenger. »

Roar Lima Grødeland (Sp)

«Det overraskar meg. Det er absolutt ikkje bra. »

Sander Larsen Askeland, 25 år og kleppsbu

«Det burde jo absolutt ha vore nokon yngre når det er såpass mange unge barnefamiliar her.»

Trine Olsen, 24 år og kleppsbu

«Kven tenker på oss då? »

Victoria Johansen, 24 år og kleppsbu

«Det er nok litt delt skuld i dette. Partia må prioritera ungdom høgt oppe på listene. Og ungdom må kryssa av på ungdommar.»

Roar Lima Grødeland (Sp)

Det er ikkje berre i Klepp at dei unge er underrepresenterte.

Berre ein av ti som sit i kommunestyra er under 30 år.

Venstre har lågast prosentdel.

Berre 6 prosent av representantane er under 30 år.

«Venstre er eit lite parti, og me får gjerne berre inn ein representant. Så ungdom som står på andre- eller tredjeplass på lista, kjem ikkje inn. »

Sondre Undheim Lokøy, leiar i Unge Venstre i Rogaland

«Det er me som skal bu i kommunen i framtida. Det er ungane våre som skal gå på skulane som blir bygde om ti år. »

Bianca Bysheim Voll, listekandidat for Venstre i Sola

«Då må også våre stemmer bli høyrde. »

På ein vidaregåande skule i Sandnes dyrkar tredjeklassingen draumen om å bli arkitekt.

18 år gamle Bianca Bysheim Voll vil reisa ut for å studera.

Men ho vil også bli kommunestyrerepresentant i heimkommunen Sola.

Ho står på andreplass på lista til Venstre i Sola.

I dag har partiet to representantar i kommunestyret.

«Det viktigaste ungdom kan gjera nå ved lokalvalet er å stemma ungt. »

Sondre Undheim Lokøy, leiar i Unge Venstre i Rogaland

«At du kryssar av på unge kandidatar eller gir ein slenger til unge namn på andre lister.»

Det er også unge krefter som vil inn i kommunestyret i Klepp.

«Eg brenner for Klepp. Eg likar denne kommunen, og eg vil bu her til eg går under jorda.»

Tollef Øksnevad, listekandidat for Senterpartiet

Han er 20 år og står på femteplass på lista til Senterpartiet.

Kryss kan bli avgjerande for om han kjem inn.

«Me treng å få dei unge inn. For det er trass alt dei som skal leva lengst i denne kommunen. »

Roar Lima Grødeland (Sp)

«Eg trur eg vil stemme på folk som er yngre ved valet i haust. For det er folk som veit meir om vår framtid. »

Emilie Gergova, 22 år og kleppsbu

Småbarnsforeldra vil også vera obs på alder når dei stemmer neste gong.

«Ja, nå kjem eg til å vera det!»

Sander Larsen Askeland, 25 år og kleppsbu