Hus er smadra
Båtar er er slengde på land
Nok ein gong er innbyggjarane i det sørlege USA råka av ekstremvêr

Orkanen «Helene» trefte Florida torsdag førre veke.

Med ein vindstyrke på over 60 meter i sekundet.

Fleire millionar har mista straum og vatn.

Matthew Harris overlevde stormen, men mista huset.

Talet på omkomne har stige til 103 menneske.

Det er omfattande skadar på infrastruktur, heimar og naturen.

Maddie Hackney (t.h.) mista alt i orkanen.

Nå leitar ho etter klede på ein innsamlingsstasjon.

Rex Liberman sagar ned eit tre for å få bilen ned på bakken att.

Familiebilete er vaska bort.

Ein klem i elendet.

Frivillige organisasjonar deler ut forsyningar til offera for orkanen.

Delstaten Nord-Carolina opplevde nokre av dei verste over­fløymingane.

Slektningar og mannskap jobbar med å finne folk.

Styresmaktene i delstaten melder om 30 døde, og 1000 menneske sakna.

Lindsay Smith finn lysglimt i fire månadar gamle Maze.

Dei har søkt ly i ein lokal skule.

Scott Richardson viser kvar grunnmuren til huset hans ein gong stod.

Det er framleis fare for flaum i delstaten.

Det er til saman fem av dei sørlege statane i USA som er råka.

President Joe Biden har godkjent føderal hjelp til fleire av statane.

Biden og visepresident Kamala Harris planlegg å reise til dei hardt råka områda denne veka.

Presidentkandidat Donald Trump har òg kunngjort planar om å besøke områda.

Like sikkert som at dei sørlege statane er utsette for ekstremvêr, er at dei er viktige politiske vippestatar.