Ei svartkledd kvinne, med spiss hatt og krokete nase.
Det er kanskje slik du er vant med å skildra ei heks.
Men kva er eigentleg ei heks i 2022?

Hekser utan heksehatt

Magi og heksekunst har blitt meir populært dei siste åra.

Ida Jackson (35) gjer seg klar til ei livesending med heksesirkelen sin. Heksehatten er på, men det er mest ein gimmick for fotografen, sjølv om ho kallar seg heks.

Sjefsheks til og med.

«Ordet er ubehageleg. Eg sletta personleg SNL-artikkelen om at heks i daglegtalen betyr stygg kjerring, seier ho og ler. »

Ida Jackson

På pulten ligg fleire bøker om heksekunst, kvinner og skriving.

Målet med møta er at dei til slutt skal sitta igjen med ein tekst.

Å vera heks i dag, inneber akkurat det du måtte ønska, fortel religionsvitar Geir Winje.

Kunstheksa Maja Ja Jansen (21) er andregenerasjonsheks og paganist.

«For meg handlar det å vera heks om å bruka intuisjon og intensjon i det ein gjer, men eg hadde ikkje brukt ordet heks om eg ikkje trylla også.»

Maja Ja Jansen

For tida studerer Jansen kunst i Oslo. Ho blir ofte inspirert av heksekunsten, og brukar det mykje i eigne verk. Her har ho måla tarotkortet «The Lovers», eller «Elskarane».

I tillegg til å vera kunstnar, driv Jansen med fleire typar heksekunstar. Ho lagar små glas med trylleformlar, spår seg sjølv og vener med tarotkort og er opptatt av astrologi. 

At ho er paganist betyr at ho tar avstand frå kristendommen, og rettar seg mot førkristne religionar der naturen, årstidene og astronomiske fenomen er sentrale.

«Eg nektar å tru at universet ikkje påverkar oss som individ. Det har jo vore her lenge før oss. »

Maja Ja Jansen

«For meg er teknologi og tekst to av dei mest magiske verktøya som finst, fordi dei er hundre prosent menneskeskapte og me bestemmer over dei sjølve.»

Ida Jackson

«Sjefsheksa» Jackson definerer magi som eit menneske si vilje til å gjera verda betre.

Ho vil at fleire av det ho kallar smarte, empatiske, kritiske og nevrotiske folk skal skriva ned og dela sine tankar og løysningar med omverda.

For å koma i gang, og til hjelp undervegs, bruker ho tarotkort og astrologi som verktøy.

Tina Bøifot er ikkje ei heks, men er oppteken av det spirituelle. For ho handlar det om å finna si eiga kjerne, altså kven ho er om ho fjernar det overflatiske.

Ho trur krystallar kan få deg inn på forskjellige frekvensar, akkurat som med musikk.

Heksekunsten spreiar seg på sosiale medium, spesielt på TikTok med sin eigne emneknagg «WitchTok». Tips og kunnskap om krystallar, trylleformlar og tarotkort inspirerer fleire unge verda over.

Dagens heksekunst har utspring frå heksereligionen «Wicca», som blei grunnlagd av britiske Gerald Gardner på 50-talet, fortel religionsvitar Winje. Gardner var opptatt av det okkulte og hevda han hadde tilgang til dei førkristne religionane.

Etter Gardner tok Doreen Valiente (1922–1999) over. Ho var meir feministisk orientert, og la større vekt på dei førkristne gudinnene enn gudane, fortel Winje.

Ei av heksene som var blitt innvigd av Valiente, den engelske psykologen Vivian Crowley, reiste til Noreg på 80-talet for å innvia dei første norske heksene, fortel Winje.

Dagens «Wicca» er mangfaldig, fortel Winje. Fleire hentar inspirasjon frå dei førkristne religionane, som norrøn mytologi i Noreg.

Det er både strengt organisert og samtidig opent for det meste, seier han.

For paganistar er datoen 31. oktober starten på det nye årshjulet. Ein dato mange andre nok vil forbinda med Halloween. Feiringa kallar paganistane Samhain.

På Lille Arkana i Oslo har dei merka ein stadig større etterspørsel blant 15 til 25 åringar på krystallar og tarot- og orakelkort.

Interessa for wicca og paganimse-relaterte bøker og kort har også auka, fortel dagleg leiar Annette Behrens.

Jansen har vakse opp med spiritualitet i kvardagen, og har heile tida følt at ho ber på ein uforklarleg energi.

Ho er ikkje særleg opptatt av å gjera ritual kvar dag, men følger månesyklusen og held til dømes fullmåneritual. 

– Eg liker å bruka dei orda som mange synest er teite. Så eg seier at eg skal gå og trylle når eg skal spå.

– Eg liker litt at heksekunst er ei kvinneleg greie, sånn historisk iallfall.

Maja Ja Jansen

Grunnen til at Jackson oppretta heksesirkelen sin var hundre prosent politisk. Ho vil at fleire av det ho kallar nyanserte, kloke og kritiske folk skal ta meir plass i offentlegheita.

«Storparten av dei som er breiale og bråkete på internett i dag, er dei kreftene eg er mest bekymra for her i verda.»

Ida Jackson

Religionsvitar Winje trur at heksekunsten har blitt populær fordi det handlar om «Moder Jord», naturen og har tydelege feministiske trekk.

Jackson trur det handlar om at unge nå tenker friare rundt det åndelege.

Uansett kva årsaka er, spreier heksekunsten seg vidare på nettet.



Journalist og fotograf

Ingeborg Undheim
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal