Miloan (19) skal gjere noko ho aldri har gjort før.
Ho er ikkje aleine.
Og lykkearmbandet må på plass.

Eksamensjomfru

Fleire tusen gjekk i år ut av vidaregåande utan å ha hatt eksamen. Miloan er ein av dei.

To veker før eksamen sit Miloan og studievenninna Maia (19) på lesesalen på Universitetet i Oslo. Det er vanskeleg å lese til noko dei aldri har gjort før.

«Eg føler eg er ute av trening. Det er vanskeleg å kome inn i det.»

Maia Hollender

Rundt 45.000 elevar gjekk ut av vidaregåande i 2022 utan å ha hatt eksamen på grunn av koronapandemien.

Var det eigentleg lurt å avlyse eksamen under pandemien?

Det var kjekt å ha russetid utan eksamen, minnest Miloan. Det får ho svi for no.

«No når eg er på universitetet tenkjer eg at eg iallfall burde ha hatt éin eksamen.»

Miloan Huynh

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda Peder Haug seier at det å ha eksamen er ei viktig erfaring og kompetanse, som «koronakullet» ikkje har fått.

«Det er god erfaring å lære seg å prestere under press.»

Peder Haug

Dagen er her.

Denne måndags morgonen steller storesøster Vân ekstra med Miloan.

Det verste som kan skje er at ho får eit tema ho ikkje har øvd så mykje på.

Kaffien er drukken opp og det er på tide å gå ut døra.

«Eg føler eg har kontroll, men på same tid ikkje. »

Miloan Huynh

På veg til eksamenslokalet slår Miloan følge med studievenninnene.

«Eg gruar meg så mykje at eg får ein fysisk reaksjon. Eg byrjar å sveitte og skjelve.»

Iben Kamilla Iddeng

Og det er om å gjere å få inn alt pensum heilt til siste sekund.

.

Fem timar. Ingen hjelpemiddel.

«Det er berre meg sjølv, min verste fiende. Så vi får sjå korleis dette går.»

Miloan Huynh

«Eg byrja nesten å grine då eg såg den første oppgåva.»

Miloan Huynh

Eksamensoppgåvene blir diskuterte, støynivået er høgt, og nysgjerrigheita på kva dei andre svarte er stor.

«Å nei, det gløymde eg!»

Hedda Oven Halvorsen

No er dei alle ei erfaring rikare.

«Kor tid får vi sensur? »

Hedda Oven Halvorsen

«Kva er sensur? »

Marta Nesheim Køber

«Det er svar på eksamen!»

ler Hedda Oven Halvorsen og Iben Kamilla Iddeng

No skal det feirast at første eksamen er overstått.

«Vi skal ta ein øl og grine det ut.»

Miloan Huynh

Etterpå skal dei heim og lese til dei neste to eksamenane.

Så er det juleferie.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal