Draumen om ein tilpassa heim
Ein feil gjorde at Asedri fekk for lite oksygen under fødselen. Det førte til at ho fekk spastisk cerebral parese og epilepsi.
Ho forstår mykje og har begynt på skulen.
Heldigvis har skulen heis.
Heime er det annleis.
Asedri er avhengig av mora, Msgana, for å kle på seg, forflytte seg, ete og drikke.
Det blir mange tunge løft.
Opp av senga, ned på stellebordet, byte av rullestol, inn i bilen og ut av bilen.
Msgana bur aleine med Asedri og hennar to eldre søsken.
Ho er alltid på vakt. Asedri har tidlegare fått epileptisk anfall medan dei køyrer bil.
Asedri fekk 18 millionar i pasientskadeerstatning på grunn av feila sjukehuset gjorde.
Pengane blir forvalta av ei økonomisk verje, og ho må få samtykke frå statsforvaltaren for å få bruke dei.
No bur familien i ein kommunal bustad i Volda. Men behandlingstilboda til Asedri ligg i dei større byane.
I 2022 søkte familien om å få bruke pengar frå Asedris pasientskadeerstatning på ein betre eigna bustad.
To år seinare kom avslaget.
Statsforvaltaren grunngjev avslaget med at det er uklart kor familien vil bu, og at eit kjøp av bustad i Volda kan føre til økonomisk tap for Asedri.
Asedris advokat, Espen Rekkedal, meiner statsforvaltaren skulle gitt ei ramme for bustadkjøp. Deretter kan verja hjelpe familien å finne best eigna bustad.
– Desse erstatninspengane skal hjelpe skadelidande til ein betre kvardag. Det går altfor sakte.
Msgana drøymer om eit hus med ein eigen etasje for Asedri og assistentar, og ein heis opp til andre etasje.
– Eg vil gjerne bu nærare behandlingstilboda. No forlet eg dei andre ungane mine i tre veker om gongen, det er vanskelig.
Statsforvaltareren seier dei må vite kor den nye bustaden skal vera, og kva behov for tilrettelegging det vil vera før dei gir samtykke. Pengar til tilrettelegging av bustad kan berre brukast ein gong.
Msgana slit framleis med skader ho blei påført under fødselen. I tillegg har ho fått problem med rygg og skuldre etter alle tunge løft. Men ho gir ikkje opp.
– Ho er dottera mi. Asedri gjer meg energi kvar dag.
Dagen er over, arbeidet held fram i morgon.