Kassett fri for støv
Salstala er høgare enn på to tiår mens kassetten fyller 60.
Ingeniøren Lou Ottens fann opp den aller første kassetten, lansert i 1963.
Han jobba i selskapet Philips heile si karriere.
Han blei 94 år gamal og døydde i heimlandet Nederland i 2021.
Men kassetten lever vidare.
I år fyller lydmediumet 60 år.
Artistar som Arctic Monkeys og Harry Styles løfta kassettsalet i Storbritannia til det høgste nivået på to tiår i 2022.
I 2012: 3.823 selde kassettar. I 2022: 195.000 selde kassettar.
I USA blei det selt 440.000 i 2022, som er meir enn året før.
Bjørn-Ivar Helland frå Mo i Rana er ein av Noregs einaste DJ-ar som berre brukar kassettar.
Det starta som er artig greie på Træna-festivalen i 2016.
– No har det tatt av. Det er rett og slett så stor førespurnad at eg frå i haust av kunne ha levd av dette.
På ei normal speling har han med seg 700 kassettar som han har fordelt i ulike koffertar.
Sjølv eig han rundt 5.000 kassettar. Mange av dei kjem frå loft og bruktbutikkar.
Og nei, det er ikkje for det meste nostalgikarane som spør han om å spele.
– Dei som verkar å vere mest glad for dette er dei unge i begynnelsen av 20-åra, seier han.
Hos platebutikken Big Dipper har interessa vore så stor at marknaden hadde sug for moderne kassettspelarar.
Slike som ein kan lade opp og kople til bluetooth.
– Det har vi fått inn til Noreg for nokre veker sidan, og har vore ein kjempesuksess hos oss, seier Andreas Leine Jakobsen.
– Eg trur ein del menneske har fått ein bevisstheit rundt det at strøymetenester er ei form for leige av musikk, seier han.
Og kanskje har folk lyst til å ta del i kunstverket på ein annan måte.
– Det har ein eigen, ganske mjuk lyd. Ein slags susing i bakgrunnen.
Det kan ein takke magnetbanda for, som her blir produsert i det nordlege Frankrike i 2019.
Lyd-ekspert Geir Ove Gråbein trur det er trendsettande ungdom som sørger for at det skjer. Og tilfredsstillinga ved å gjere noko aktivt for å få lyd.
– Det er kult, men det er ikkje på grunn av lydkvaliteten at kassetten kjem tilbake, det er heilt sikkert.