Denne anemonen er udødeleg og kan leve for alltid.

Bli med under vassoverflata

– Folk veit ikkje kva som bur her.

I år feirar Saltstraumen ti år som marint verneområde. Målet er å ta vare på det særeigne livet under overflata.

For nede i djupet skjular det seg enorme skogar av korallar og dei merkelegaste skapningar. Dykkar Vebjørn Karlsen har dokumentert livet her i mange år.

Hels på hermafroditten, med penis i fjeset og vagina på ryggen. Det byr på moglegheiter.

Dei kallast sjøhare og er ekspertar på gruppesex. Dei legg millionar av egg.

Hels på ulka. Ho skiftar farge etter omgivnadane, og når ho blir kåt.

Palio dubia er ein nakensnigel med eit sexliv utanfor arten sin normal. Fullmånen får Palio dubia til å flørte, pare seg og legge egg.

Hos steinbitane i Saltstraumen oppstår det trekantdrama stadig vekk. Kjærleiken er ikkje ein dans på raude roser her nede heller.

Men det er ikkje berre sexlivet som er spennande. Sjekk dansen til denne påfuglmarken.

Forskarar følger med og kan lære om dagleglivet, takka vere lokale dykkarar med kamera på slep. Nokre av anemonene har vore her i fleire tusen år.

Denne anemonen, sjønelliken, blir 20 cm høg. Dei er giftige og udødelege.

Denne snigelen er til å få julestemning av. Han har fått namnet placida dentritica, der første ordet betyr mild/fredfull.

Eremittkrepsen manglar ytre skal og dei fleste artane kompenserer ved å bu i tomme snigelhus.

Kvit busksnigel. Fargen varierer mellom kvit, gul, brun eller raud.

Sjølv om Saltstraumen er verna, meiner Karlsen at det framleis er ein lang veg å gå. I løpet av åra har han henta opp tonnevis av slukar.

– Det vi har i dag, er vi i ferd med å øydelegge, seier han.

Journalist/tekst

Ingrid Gulbrandsen Årdal
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal