Midt i byen Kristiansund ligg det eit veldig langt og smalt trehus som er bevart.
212 meter langt for å vere eksakt, og kvar meter tel for det dei lagar her inne.
Det er lagt skjener langs golvet, men det er ikkje tog som går på dei.
Mange hundre dugnadstimar har gått med. No kan dei utøve det døyande handtverket her igjen.
Det har lokka Sarah Sjøgreen til Kristiansund. Ho er ein av tre i Noreg som framleis kan kunsten.

Nye tider for ein gammal slager

Før fanst det fleire titals reiparbaner i Noreg. Tidlegare brukte dei hest til å operere dei.

No er det berre éi av dei gamle banene igjen som er heilt inntakt, og ho har vore forlaten i mange år.

Ei reiparbane er verkstaden til reipslagaren. Ein som slår for å lage tau og trossar på gamlemåten.

Altså ho her, som gler seg over det som no skal skje.

Før måtte Sarah reise til Sverige for å bruke kunnskapen sin fullt ut.

No kan ho ta i bruk den 167 år gamle reiparbana i Kristiansund etter at ho er sett i stand igjen.

– Då køyrer vi!

Sarah Sjøgreen

Når ein slår reip så blir fibra dratt og tvinna gjennom fleire ulike prosessar.

Sarah jobbar berre med tjærehamp. Det er dyrt å produsere, men kan halde seg i 20 til 30 år.

– No har vi endeleg fått ei reiperbane med denne teknikken. Det er ein liten draum som er komen i gang her.

Sarah Sjøgreen, reipslagar

Det er framleis dei tradisjonelle seglskutene som er kundane. Taua skal brukast på jaktgaleasen Søblomsten frå 1864.

Akkurat no held dei på å gjenoppbygge denne i Vestnes, der originalen også var bygd.

Det er lenge sidan tau laga av plast overtok for det aller meste av marknaden.

– Det er moro å halde på med noko tradisjonelt, og sjå at det har verdi i dag. Taua held seg mykje lenger enn plast.

Sarah Sjøgren

Og utstyret fungerer, nesten 45 år etter at drifta her blei lagt ned.

Vanlegvis jobbar Sarah på Hardanger Fartøyvernsenter, der dei har ei kortare bane. Det er den einaste plassen dei har reipslagarkompetanse her i landet.

No får dei også lære den gamle kunsten i Kristiansund. Håpet er å skape ein ny attraksjon og museum. Frå før av har dei eit gammalt og levende seglskuteverft i byen.

Kunnskapen kunne ha gått tapt, men er i staden i frammarsj. Sarah har også med seg ein ung lærling som vil følge i spora hennar.

– Det verkar spennande. Og så likar eg å røre på meg, det er mykje gåing her.

Marieke Hartrampf, lærling

– Det er utruleg viktig å lære det bort viss vi skal halde kunnskapen i live. Dersom eg fell ned i ein flystyrt er han tapt.

Sarah Sjøgreen

Til slutt gjenstår berre den siste delen av produksjonen. Det er no det begynner å likne det vi kjenner som tau.

– Det er også den delen av prosessen som krev mest konsenstrasjon, så det er veldig bra å få det overstått.

Sarah Sjøgreen

– Det er deileg å sjå eit ferdig produkt. Det er dette vi arbeider for.

Sarah Sjøgreen

Fotojournalist

Marius André Jenssen Stenberg
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal