Oline (16) har ein utskjelt jobb

Det kan vere mykje kjeft å få, sjølv om du gjer ditt beste

Når snøen legg seg er det ekstra travelt for ei yrkesgruppe: brøytemannskapet.

Oline Klokkehaug (16) frå Sykkylven går på yrkesfag. Når skulen er ferdig er det andre oppgåver som ventar. – Det hender eg får fri for å brøyte, seier Oline.

Snørydding ligg i blodet til Oline. Både pappa og begge bestefedrane har brøyta.

I starten hadde ho ikkje traktorlappen, men lærekøyrde med pappa. Han driv firma, som brøyter fleire strekningar.

Å vere kvinneleg brøytar er ikkje så vanleg. – Det er ekstremt mange som stirar, men no har eg blitt vand med at folk vrir hovudet når dei ser meg.

Pappa Harald Klokkehaug ser at kvinnelege brøytarar køyrer finare og mjukare. Dermed blir det færre skader enn hos menn.

Sykkylven kommune er glad for at ungdommen vil ha den upopulære jobben. – Det er veldig mykje kjeft å få og det er arbeid til alle døgnets tider, seier teknisk sjef Bjarte Hovland.

Oline har så langt unngått kjeft frå sinte folk. – Mange er flinke til å klage, men heldigvis har eg ikkje fått nokon endå.

Det beste med jobben er lønna. – Det er i grunn lettente pengar. Å køyre i staden for å vere så hardtarbeidande, der ein må vaske eller rydde.

Redigering

Øyvind Sandnes

Ansvarlig redaktør

Vibeke Fürst Haugen