Klementinkastinga

Frukta er ein favoritt i jula, men mange tusen kilo kjem til å gå i søpla.

Klementin, mandarin, kva enn du kallar dei – nordmenn elskar dei.

Som so mange av oss er Mats Jonsson litt kresen når han handlar klementinar.

Han kjenner godt etter før han bestemmer seg.

– Denne er heilt mjuk, denne går ikkje an å ete, seier han og legg ein frå seg.

Der var ein god ein! Mats kjenner på fem, ti frukt før han finn dei som er verdige.

I fjor åt nordmenn i snitt seks kilo klementinar. Aller mest i adventstida.

Og Noreg importerer stadig meir. I fjor 32.545 tonn.

Men vi kastar også mykje av dei.

Ikkje alle matvarekjedene kunne svare NRK på kor mykje klementinar dei omsette og kor mykje dei kasta.

Men Coop kunne.

I november/desember i fjor omsette dei 4.350 tonn klementinar og hadde eit svinn på 3,1 prosent.

Om dei andre store kjedene, Norgesgruppen og Rema 1000, hadde lik omsetting og svinn, kasta norske butikkar om lag 226 tonn klementinar i fjor.

Butikken i Ålesund Thomas Ertresvåg jobbar i sel kring 150 kilo klementinar kvar einaste dag.

– I desember går salet rett til himmels, det er det same kvart år.

– Nett no er det so stort sal at vi kastar ganske lite. Kanskje to-tre kilo per dag. Det tykkjer eg er ganske bra, seier han.

Kristianne Havnevik seier det går ein del klementinar i heimen, og at ho er litt kresen.

– Det er viktig at dei har rett konsistens og at dei er litt mørke på fargen. Det har eg lært av mormor.

For Brit Leira Heimdal, som mange andre, er klementinane ein viktig del av juletradisjonen.

– Må få opp klementinane og julebrusen og slikt når det nærmar seg. Også brukar eg det faktisk litt i mat for sausar og slikt.

Har du eit tips til korleis vi kan redde dei mjuke klementinane?