– Det var jo eittelleranna med at vi får mindre i skattetrekk?

Jo. Snart får du halvparten so mykje att for BSU-kontoen din

Bustadsparing for ungdom vert dårlegare frå nyttår.

For idet fyrverkeriet smell på himmelen på nyttårsaftan, går også BSU-kontoen din på ein smell.

I fjor kunne du få 5.500 kroner redusert på skatten om du sette inn maksbeløpet på BSU-kontoen din.

Frå neste år vert denne fordelen halvert, og du får maks 2.750 kroner att.

Bustadsparing for unge (BSU) er ei ordning for deg under 34. Du kan spare til inntil 27.500 kroner i året og få gode renter i banken.

Men pengane kan berre brukast til å kjøpe eller oppgradere huset eller leilegheita di.

Du fekk også 20 prosent skattefrådrag på det du sette inn, altso maks 5.500 kroner. Frå 1. januar får du berre halvparten att.

Det har regjeringa bestemt.

Julie Våge er av dei som til vanleg har sett inn maksbeløpet på BSU-kontoen sin – nettopp for å få att so mykje som mogleg på skatten.

– Men no er jo ikkje insentivet like godt lenger. So det spørs om eg held fram med å gjere det.

– Eg tykkjer eigentleg det er litt rart at det er der dei kuttar. At dei kuttar for studentar som kanskje slit litt allereie.

Staten meiner dei vil spare kring 600 millionar kroner i året på BSU-kuttet.

I ein e-post skriv Senterpartiet sin representant i finanskomiteen på Stortinget, Kjerstin Wøien Funderud, at årets budsjett har vore stramt:

– For å prioritere noko opp, til dømes auka barnetrygd for einslege forsørgjarar, må noko anna verte prioritert ned, skriv politikaren.

Erlend Eide Bø, som forskar på skatt hjå SSB, meiner kuttet er ein god ting – ikkje berre fordi staten kan bruke pengane andre stadar.

Han seier ordninga har vore veldig god for dei som har drege nytte av den, og at kuttet er leit for dei.

Men dei som har kunne sette inn maksbeløpet og dimed fått att tusenvis av kroner er i stor grad dei som allereie har ganske god råd.

– For å fylle opp heile kvoten, må du ha ganske høg inntekt over ein god periode. Og du får jo ikkje nytte av den ordninga om du ikkje har skattbar inntekt.

Veronika og Silje Bjørlykke er også av dei som har sett inn alt dei kan på BSU.

– Det er jo ei lita gulrot, men eg tenkjer at det er viktig å få sett inn uansett, seier Veronika.

– Men trass i at summen du får att vert litt mindre, er det likevel verd å setje inn dei pengane?

– Ja, det er jo ei forplikting, på ein måte. Du set dei inn, og so skal du eigentleg ikkje ta dei ut att. Det funkar litt betre enn ein vanleg sparekonto, tykkjer eg i alle fall.

Har du sett inn det du kan før rakettane smell?