Før var kioskane overalt i Noreg.
No døyr dei ut som fluger.
Dei siste åra har 2 av 3 kioskar blitt stengde for godt.
Men nokre har overlevd.
Kanskje har dei nøkkelen til kioskanes framtid?

Kioskdøden

Erlend Dahlbo driv Syverkiosken ved Alexander Kiellands plass i Oslo.

I fjor jobba han 400 vakter i pølsekiosken sin.

På 1980-talet var det 200 pølsekioskar i Oslo.

– No er det berre meg igjen av ordentlege trekioskar.

Erlend Dahlbo

Pølse-eksperten er klar på kvifor kiosken hans har klart seg.

Medan mange andre døyr.

I 1995 var det over 2.748 kioskar i Noreg. No er det under 900.

I Molde skrapar dei ned Eskimonika frå rutene.

Etter mange år er det slutt for kiosken på Hurtigrute-kaia.

Sotakiosken på Vålerenga i Oslo er ein anna av dei 1800 døde kioskane.

Trass årelange aksjonar for å bevare han.

Tippekiosken i Moss er også forbi.

Legendariske Picolo kiosk i Bodø har fått kvit lapp på glasdøra.

Det har også Olakiosken i Bodø, grunnlagd i 1959.

Gudrunkiosken i Henningsvær er lagd ut for sal som «fritidsbustad».

Pris: 1,9 millionar for 26 kvadrat.

Du skal selje ein del pølse for den prisen.

Kallekiosken, som var ein av heile elleve kioskar i vesle Rjukan i Telemark.

Vestre kiosk i Kristiansand er stengd.

Årvollkiosken i Oslo.

Trappekiosken i Molde.

Handleriet på Gåseid i Ålesund er borte,

og har – talande nok – blitt til begravelsesbyrå.

I 2017 var det demonstrasjonstog for å bevare Sulesundkiosken på Sunnmøre.

Få dagar etter aksjonen vedtok fylkeskommunen å redde kiosken.

Året etter blei kiosken stengd for godt.

Rundt i Noreg finst det altså nær 2000 nedlagde kioskar. Kvifor?

Kiosk-Noreg blei i stor grad grunnlagt av Bertrand Narvesen (1860-1939).

På dei ferske jernbanane la postmannen Narvesen merke til at det konstant blei bytt blad og aviser, som nær blei bladde i filler.

33 år gamal la han inn anbod på sal av aviser og blad på Hovedjernbanen.

Med einerett på lesestoff ved togstasjonane, blei det pengar i kassa.

Snart skaut kioskane opp andre stadar enn langs toglina.

Narvesenkiosken ved Stortinget kom i 1912.

Det er den eldste kiosken i Noreg som framleis held koken (på pølsene).

Overalt dukka kioskane opp etter krigen. Her frå Ustaoset i 1962.

Men på 1980- og 1990-talet gjekk det dårlegare med kioskane.

Nye brannforskrifter og reglar om servering tok knekken på mange kioskar på 1980-talet, fortel Erlend Dahlbo på Syverkiosken i Oslo.

– Og på 1990-talet tok 7-Eleven og kjedene over hjørnekioskane.

– På 2000-talet var det galopperande leigeprisar som knakk mange.

Samtidig begynte nordmenn også for alvor å få smaken på kebab og sushi, innrømmer Dahlbo

Slik som her i ein gamal kiosk på Nordstrand.

Eller på Lade i Trondheim.

Og ikoniske Vestre kiosk i Kristiansand.

På Østre torg i Hamar har Yin Yun Fu drive Lille kiosk sidan 1995.

– Det går mange pølser når konsert her. Og is om sommaren.

– Men om vinteren, når det er mørkt og kaldt, er det dårleg.

For kva skal kioskane leve av i vår tid?

Avissal er neppe framtida.

Heller ikkje Donald, Fantomet eller vekeblad.

Sigarettar og rullings har nok også sett betre dagar.

Og tipping, hest og pengelotteri er kanskje heller ikkje berekraftig etter smarttelefonen.

Men i Tromsø er det lange køar framfor Raketten kiosk.

Kvifor det, tru?

Siri Therese Lier driv Raketten.

– Me er jo ikkje lenger ein kiosk, me har gjort den om til minibar.

– Men det har vore 2 -3 gonger eg har trudd at me måtte gi opp.

Men heldigvis for Lier og Raketten har dei blitt ein favoritt blant turistane.

Hit strøymer dei for å kjøpe reinsdyrpølse, rødvinsgløgg og øl på tapp. Og kakao.

– Så er det jo ei arkitektonisk perle som gjer seg godt på Instagram.

Siri Therese Lier

Heller ikkje Syverkiosken i Oslo gjer seg bort fotomessig.

Eigar Erlend Dahlbo er klar på kva han har overlevd på.

– Kvalitet. Så har eg nokre spesialitetar, som fermentert lauk og åkerchampignon.

– I tillegg er eg sta. Og har jobba veldig mykje.

– Det er genuint gøy og stå her å prate med gamle og nye kjenningar. På 17. mai stod ungane mine her og delte ut is.

Fleire av kundane seier ingenting, før dei får favorittpølsa si.

Nokre tastar inn prisen sjølv på kortautomaten.

– Hit kjem det dagleg både trygda og faste kundar i Bentley og Rolls-Royce.

Men kiosk-legenda Dahlbo har ei sterk oppmoding på tampen.

– Folk står i kø ved kjøttbutikken før jol, så handlar dei billeg på Rema og Kiwi resten av året. Folk må bruke sjappene!