Rundt i Noreg står det tusenvis av tomme «spøkelseshus» og forfell.
Dei er ein trussel for leikande ungar, nysgjerrige dyr og miljøet.

Spøkelseshusa du ikkje blir kvitt

Du kan måtte klage i over 30 år for å få dei fjerna.

Lars Dahle i Rauma forsøker å fjerne denne falleferdige naboen til barndomsheimen.

Det er ikkje enkelt.

«Eg kontakta kommunen i september, seier Dahle. »

Ved nyttår hadde han ikkje fått svar.

Og han bør kanskje smørje seg med tolmod.

For i Ålesund, eit par timar unna, har naboar ville ha vekk denne vanskjøtta villaen…

..i over 30 år!

Bygget blir kalla «Forargelsens hus».

«...manglende vedlikehold og ikke egnet til beboelse.»

Sunnmørsposten 1997

«Det er kommunal impotens eller handlingslammelse»

Nabo til Sunnmørsposten i 2012

«...måtte jage vekk 10-15 barn som lekte i umiddelbar nærhet av huset. »

Nabo til Sunnmørsposten i 2012

«Det er vel kommunen som må gjøre noe når eierne svikter?»

Nabo til Sunnmørsposten i 2019

«... historien om skammens hus har i alle fall vart i 30 – 40 år.»

Nabo til Sunnmørsposten i 2019

Kvifor er det så vanskeleg å få fjerna slike farlege miljøbomber?

I haust skreiv Dahle ein tilstandsrapport til kommunen om rønna i Rauma.

Han turte ikkje å gå lenger inn enn til gangen.

Han har også sjekka kor mykje det kostar å rive heile skiten.

«1 million kroner, minst, sa entreprenøren.»

Eigaren av huset er død. Arvingane ønska ikkje å arve det.

På nettet har det blitt populært å jakte på forlatne hus.

Også i Noreg blomstrar hobbyen.

Britt Marie Bye har besøkt rundt 300 forlatne hus i heile Noreg.

«Me er avhengige av husa, men dei er også avhengige av oss. »

Ho har gitt ut bok med bilete av forlatne hus og historia deira.

Den har selt 6000 eksemplar.

«All historia i husa fascinerer folk sjukt mykje.»

«Kva skjedde med menneska som budde der?»

«Dei forlatne husa blir som eit museum, der du får augneblinksbilete frå fortida.»

«I dei travle kvardagane vi har, er det noko med nostalgien frå kjøkkenet til bestemor eller oldemor, seier Bye»

Tilbake i Rauma er det ikkje nostalgi for Lars Dahle.

Lokalpolitikaren meiner at fleire lover gir kommunen både høve og plikt til å rive det farlege bygget.

Han synest at brannvesenet burde brenne det ned som ei øving. Og ta kjeldesorteringa etterpå.

«Men brannvesenet her sa at dei hadde slutta med det, dei var visst uheldige på ei øving ein gong.»

«Nei, men me legg meir vekt på kreftfare no. Skal me brenne det ned, må det vere øving for røykdykkarar. Her er det nok for farleg.»

Brigadesjef i Rauma, Fred Karusbakken

I Ålesund får soga om «Forargelsens hus» no ei løysing.

I mai starta kommunen å skrive ut løpande vekebøter på 750 kroner.

Etter ein generasjon med klager – og 70 artiklar i Sunnmørsposten – selde eigaren huset med den flotte tomta.

No skal det bli rive, og tomta skal bli til ein ny einebustad.

«Eg trur ikkje kommunen vil trenere denne rivinga, humrar utbyggar. »

På Mittet i Rauma er det framleis inga løysing.

Men over nyttår sette kommunen opp gjerde og sperreband.

Kanskje nok for å stanse ungar (som det ikkje er mange av i bygda).

Men er det nok for å halde dyr unna?

Slik som grevlingane som pleidde å få mat frå den avdøde huseigaren.

Og kva med all plast, kvitevarer, elektronikk og anna miljøavfall?

Ei lov blei endra 1. januar i år, for å fjerne tvil rundt «eigarlause» hus

Kommunane fekk utvida løyve til å sikre og rive slike bygg.

Men Rauma kommune meiner den nye lova berre gjev dei rett til å rive – og ikkje plikt.

«Spørsmål om kva som skal skje med eigedomen er naturleg å rette til bustyrar, svarar kommunen til NRK.»

I dødsbuet er det lite kroner.

Så den avdøde eigaren kan verken sikre eller rive bygget.

No skal huset bli forsøkt selt, seier bustyraren.

Sjølv om kostnadene ved riving er høgare enn tomteverdien.

Men ein ting er sikkert...

Dette huset i Rauma kjem ikkje til å stå til forarging i over 30 år.

I alle fall ikkje oppreist.

Så om du skal besøke det og ta bilete bør du skunde deg før ein storstorm kjem!

Fotojournalist

Øyvind Sandnes og Webjørn Svendsen Espeland
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal