– Våg å vere modig
Andreas Bjørge er som dei fleste 24 åringar.
Han gamar mykje.
Han spelar mest FIFA.
Favoritt-laget er Chelsea.
Han syklar mykje.
Likevel er han litt annleis.
Autismen hans gjer at han slit med motorikk, unngår augekontakt og har eit stort behov for rutinar.
Det kan gjere det vanskeleg å få normal jobb.
Via NAV si ordning «Helt med» har Andreas likevel fått seg fast jobb.
– Det var kjekt å få fast jobb i McDonalds og få ein stad å høyre til. Eg kosar meg på jobb og har ikkje sett meg tilbake.
No arbeider han tre dagar i veka på McDonalds i Ålesund med tilrettelagt arbeid.
– Eg lagar til brus, milkshake og frapper. Og softis av og til.
Andreas kjenner at arbeidet gir han meistringskjensle.
– Det å vere saman med kundar og kollegaer er det beste eg veit. Då kjenner eg at eg gjer ein nyttig jobb.
Dagleg leiar Vivian Blomvik seier ho er glad for å ha Andreas på jobb.
– Han er ein veldig pliktoppfyllande og kjekk arbeidstakar og har bidratt veldig godt til arbeidsmiljøet.
Andreas seier at dagen ikkje hadde vore den same utan tilrettelagt arbeid.
– Det hadde vore vanskelegare å jobbe om eg måtte bytte stasjonar, så det er fint å ha ein fast plass.
Av dei som søkte om støtte frå Nav i 2024 har 61% av dei nevrose og åtferdsforstyrringar.
Det vil seie personar med ADHD, autisme og aspergers syndrom.
«Helt med» skal hjelpe desse i arbeid.
– Vi tek kontakt med arbeidsgivarar for å så skape stillingar som passar til målgruppa.
– Så lyser vi dei ut på «Helt med» si heimeside. Då kan kandidatane sjølv gå inn og søke på det dei ønsker å jobbe med.
Hilde Ulla Berg er jobbspesialist i «Helt med» i Nav Ålesund. Ho har ansvaret for å ordne stillingar til personar med behov for tilrettelagt arbeid.
Stillinga hennar skal ha ansvar for 20 personar i arbeid, men grunna mange søkarar og ingen andre jobbspesialistar i kommunen sitt ho no med ansvaret for 27 personar.
– Eg håper at vi får ein spesialist til. Det er i alle fall kapasitet til det.
– Arbeidsgivarar tek kontakt, og kandidatar som ønsker seg jobb, tek kontakt. Men eg må dessverre seie nei per no. Og det er veldig synd.
Ein rapport frå SSB viser at dersom 15 prosent av folk med funksjonsnedsetting får jobb, vil det gi 26.7 milliardar kroner i samfunnsøkonomiske gevinstar over ei tiårig periode.
Andreas håper at fleire med utfordringar kan gå ut av komfortsona si og få seg arbeid.
– Ver litt meir modig og tørr litt meir. Det er ikkje slik at autisme øydelegg livet ditt. Du er framleis den same personen du var før.
– Eg er autist men eg er den same Andreas som alle kjenner.