Kva skjuler seg under huda på «Madonna»?

I 127 år har ho halde på Edvard Munch si hemmelegheit.

«Madonna» eig seksualiteten sin og svulmar av begjær.

Då Nasjonalmuseet tok ned bilete i forbindelse med flyttinga, fekk dei for fyrste gong på lenge sjansen til å undersøke «Madonna».

For tidlegare har ho alltid måtta henge på veggen i det gamle Nasjonalgalleriet, så ikkje tilreisande frå alle verdshjørner skulle bli skuffa.

Difor er spenninga stor no når konservatoren endeleg får sjansen til å ta ein nærare kik på nasjonalskatten.

Bak eit beskyttande glas, avslører ramma mange detaljar om historia til måleriet.

Og gir ein ide om kor gamalt det er.

Munch måla fleire versjonar av «Madonna». No er det store håpet å finne ut om dette er den aller fyrste av dei.

Det ikoniske måleriet kan vere verd over ein milliard kroner ifølgje auksjonshuset Blomqvist. Difor behandlar dei det med stor varsemd.

Den elskande kvinna «Madonna» skapte stor kontrovers då ho blei laga. Mellom anna fordi ho har namnet til Jesus si mor.

Thierry Ford er spent. Med eit infraraudt kamera ser han gjennom dei 127 år gamle målingsstrøka til Munch.

Kan han finne svara han leitar etter under blandinga av pigment, linolje og terpentin?

Kva ville Edvard Munch ha tenkt om han visste at vi var på sporet av løyndomen hans?

Nokre strekar som ikkje synest på måleriet dukkar opp. Dei fyrste kolstrekane Munch skisserte opp på lerretet.

– Munch har forandra komposisjonen, det kan verke som om han fyrst hadde tenkt at armen skulle gå ned, seier Thierry Ford.

Ser du forskjellen?

– Det at han ikkje var heilt sikker på korleis motivet skulle vere, tyder på at dette er den fyrste versjonen.

– I det endelege arbeidet ser vi at eine armen går opp og håret er også litt annleis. Ligg ho, eller står ho? Det er mystisk, seier Vibeke Waallann Hansen, kurator, Nasjonalmuseet.

Kva ville Munch tenkt om han visste at vi skulle gå under huda på hans «Madonna»?

– Munch sjølv ville synest at dette var interessant, han var veldig oppteken av det måletekniske, seier Hansen.

Frå den 11. juni 2022 kan du sjå «Madonna» på Nasjonalmuseet.

Journalist og fotograf

Emily Louisa Millan Eide

Fotograf

Hallgeir Aunan
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal