Ville du spist suppe med denne?
Eller denne?

Skeimannen

Møbelsnekkar Bertram Sømme (68) lagar 100 skeier som ikkje ser ut som skeier.

HUSTADVIKA (NRK): Bertram hastar ned til verkstaden i kjellaren av huset sitt. Her har han eit heilt spesielt kunstprosjekt på gang.

I verkstaden jobbar han med skei nummer 65 av 100. Ideen kom til han på 1980-talet, då han lagde fleire skeier på oppdrag.

Kvifor må alle skeier sjå like ut, lurte han på.

«Eg var irritert på at alle handverkarar laga det same, og ville skape noko som stod ut. Skeiene er ein finger til systemet og korleis folk tenkjer.»

Først teiknar han opp formen på skeia han skal lage. Det liknar på ein ...slede?

Deretter skjer han til eit passande tre-emne. Verkstaden duftar av brent tre.

Den største utfordringa er å få symmetrien riktig. Han spikkar ut den ovale forma for hand.

Så pussar han. Lenge. Slik at spora etter verktøyet forsvinn og skeia blir glatt og fin.

Familien hans stammar frå Molde. I vaksen alder flytta han heim med ein 18 tonn tung konteinar på lasset, fylt med sjeldne tresortar og maskiner.

Skeiene er tidlegare omtalt i handverksmagasin i England. Som møbelsnekkar tok Bertram blant anna oppdrag for det anerkjente motehuset Vivienne Westwood.

Skeiene blir ikkje godt mottatt av alle. Bertram har opplevd å få kritikk frå andre treskjerarar. Ei skei skal jo ikkje sjå slik ut.

Ifølgje Bertram forstår barn raskt poenget med skeiene. Han trur det er fordi barn er opne for nye idear, medan vaksne er opplært til å setje verda i system.

Ei ny skei er snart ferdig, men han har 35 stykker igjen.

«Å lage noko med hendene er ein form for meditasjon. Det er verdt mykje meir enn samfunnet gir det ære for i dag.»

Når folk spør han kvifor i alle dagar han driv med skeiene, svarar han: Kvifor ikkje?

Han har skribla «Happy» på konteinaren utanfor huset, for å minne om at ein ikkje må ta livet for alvorleg.

Målet er å stille ut dei 100 skeiene samla før året er omme.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal