Vanlegvis ville den finansielle rådgivaren tatt dressjakka på.
Men ikkje i dag.

Stolt som ein bjørn

Éin gong i året reiser Narvik 120 år bakover i tid.

Narvik.

Ein ganske vanleg by i nord med 14.000 innbyggarar.

Og fjell, hav, industri og E6.

Men om du ser nøye etter ...

... er ikkje alt så vanleg likevel.

Velkommen til eit levande stykke noregshistorie

Ragne Mohn Sneve (29) er klar for ein ny arbeidsdag.

Sånn ser ho ut i ti dagar kvar mars under Vinterfestuka.

– Vi kler oss opp, ikkje ut. Vi heidrar byen si historie!

Ragne Mohn Sneve, narviking

Det er ikkje berre Ragne som kler seg opp ...

... det er dei fleste.

Til og med eiendomsmeklarane!

Mennene er kledd som rallarar; anleggsarbeidarar frå 1900-talet.

Og kvinnene kler seg som Svarta Bjørn.

Akkurat dét kjem vi tilbake til...

Dette er Line Viklem Eidum.

Ho er oldebarn av ei rallarkokke.

– Vi veit så inderleg godt korleis vi vart ein by.

Line er sjefen til Ragne, og saman jobbar dei i eit bank- og forsikringsselskap for folk som jobbar med...

Jernbane.

Ingen jernbane, ingen Narvik.

I dag er Ofotbanen den mest lønsame jernbanestrekninga i Noreg.

Ofotbanen vert bygd for hand av rallarar for over 120 år sidan.

Altså dåtidas anleggsarbeidarar.

Det kunne vere 15 av desse karane ...

... i ei brakke.

Her frå Glomfjord, kor det også var rallararbeid – som så mange andre stadar i landet. Bergen, til dømes.

Og kven trur du vaska klede, laga mat og bar ved til alle mann?

Jo, det var
RALLARKOKKA

Her snakkar vi bein i nasen.

Det er laga fleire framsyningar om rallarane og rallarkokkene.

Sist ut var spelefilmen Sulis 1907 av Nils Gaup.

Her møter vi den mest kjente av dei alle ...

Rallarkokka
SVARTA BJØRN

Vi veit ikkje sikkert kven ho eigentleg var, men ein av teoriane er at det var Anna Rebecka Hofstad.

Ho vart 22 år.

Ein same gav henne visstnok dette kallenamnet på grunn av styrken hennar, det mørke håret og dei mørke auga.

I dag representerer Svarta Bjørn kvinneleg styrke og pågangsmot.

Nettopp derfor troppar Ragne og Line opp på kundemøter i klede inspirert av Svarta Bjørn.

– Det er mange konferansar og liknande nett i Vinterfestuka fordi vi vil vise fram historia vår.

Dag som natt heidrar narvikingane historia si på sitt litt merkelege og usedvanleg festlege vis.

– Vi kledde oss ikkje like mykje opp då eg var yngre ...

Line Viklem Eidum

– Men no tar alle han heilt ut. For oss er dette den beste veka i året!

Ragne Mohn Sneve

Multimediajournalist

Synnøve Sundby Fallmyr

Vaktsjefer NRK Kultur

Alexander Fredriksen-Sylte og Kristin Granbo
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal