Han er tilsynelatande ein vanleg mann  
Men når sola går ned trer ein annan karakter fram 

Mørkets frelsar

Stemma som vil samle nattas utstøytte

Dette er Bjørn Alexander Brem (49). Han jobbar som advokat.

Dagane hans består av forhandlingar, møte og juss.

Men det mange ikkje veit, er at han er ein sentral figur i goth-miljøet med tusenvis av fans verda over.

Han er Gothminister.

Karakteren Gothminister oppstod da Bjørn var døden nær på grunn av ein alvorleg halssjukdom. Gjennom den tunge tida skapte han Gothminister-universet.

«Det mest givande med Gothminister er å kunne vere ei stemme for dei som føler seg oversett, utstøytt og urettferdig behandla.»

Bjørn Alexander Brem

«For når ein kler seg annleis, har andre meiningar eller ei anna legning så blir ein fort sett ned på og ekskludert.  »

Bjørn Alexander Brem

«Sjølv om mange trur at Gothminister er ond, er han faktisk mest god.»

Bjørn Alexander Brem

Karakteren og musikken til Gothminister vart godt likt av innflytelsesrike personar i musikkbransjen.

Mykje takka vere hans spektakulære sceneshow, som denne anmeldaren skreiv:

«To call this theatrical would be an understatement, because it was over-the-top silliness of the highest order ... and it was glorious!»

Bjørn fekk moglegheita å bli fulltidsmusikar og rockestjerne i Tyskland. Men han takka nei, og valde heller å ha ei solid utdanning i botn.

Fordi på same måte som Gothminister står opp for dei utstøytte om natta, ville Bjørn Alexander stå opp for dei svake på dagtid.

«Som advokat svor eg eid på å fremje rett og å hindre urett. Det er det som ligg ibuande i meg. Eg søv betre om natta da»

Bjørn Alexander Brem

Det betyr ikkje at han ikkje prioriterer musikken. Gjennom 25 år har Gothminister gjeve ut sju album og turnert verda rundt. Aller størst er han i Tyskland.

Det visuelle er ein ekstremt viktig del av konseptet. Bjørn og bandet har mottatt 32 filmprisar for musikkvideoane dei har laga.

Den filmatiske kreativiteten og det intense sceneshowet tar han med seg til det elles så glamorøse Melodi Grand Prix.

Men det kjem ikkje av seg sjølv. Forvandlinga frå Bjørn til Gothminister krev mange timar framfor spegelen.

Og det er heller ikkje så lett å få røykmaskina til å virke.

At han skil seg ut i Melodi Grand Prix-samanheng er det ingen tvil om. Kvifor er han eigentleg med?

«Det er fordi det er spennande å kome inn i MGP med mørk og annleis musikk framfor dei pene, lyskledde artistane med glatt og til tider ufarleg pop.»

Bjørn Alexander Brem

For han er det viktig å våge å vere annleis, våge å omfamne heile seg. Det er dét han vil formidle når han står på scena på laurdag.

«Ei stemme for Gothminister er ei stemme for dei utestengde, og dei som er annleis. For eg har vore der sjølv og er der framleis.»

Bjørn Alexander Brem