Rundt 20.000 personar sat som fangar her på Grini under 2. verdskrig.
Men snart er alle som opplevde krigen borte.
Kven skal fortelje historiene vidare til generasjonen som veks opp i dag?
Grini-museet meiner dei har funne løysinga.

Med briller til fortida

Bli med når bestefar og Henrik blir «arresterte» av nazistane.

Henrik Krydsby Ihle-Hansen går inn i den gule brakka som husa fangar av nazi-regimet mellom 1941 og 1945.

Han har haustferie og skal bruke fridagen på Grini-museet saman med bestefar.

Dette er ikkje det første museet dei besøker saman. Men dette besøket er litt ekstra spesielt.

Kanskje var det i akkurat denne brakka dei to onklane til bestefar Morten Krydsby sat som fangar under krigen.

Sjølv er han fødd etter at freden kom til Noreg, men er likevel opptatt av å formidle krigshistoriene vidare til barnebarnet sitt.

– Sjå her, Henrik. Her er bilde av dei. Dei var ikkje gamle gutane. Og der er den gamle skulelæraren min, seier Morten medan han peikar i boka som tek føre seg lokal krigshistorie frå Bærum.

Spora etter nazistane er framleis tydelege på Grini.

Men 40-talet byrjar å bli lenge sidan. Det er lite som minner om det moderne samfunnet vi har i dag.

Korleis kan ein gjere historiene om 2. verdskrig relevante for Henrik sin generasjon?

Grini-museet har lagt noko på dette bordet dei trur kan vere svaret: VR-briller.

(VR står for «virtual reality», eller «kunstig verkelegheit» på norsk)

Søren Aagaard Rasmussen er stadsansvarleg på museet. Han trur bruk av teknologi kan vere eit nyttig verkemiddel for å nå yngre generasjonar.

«Når den tidsmessige distansen til krigen blir større, forsvinn også ei naturleg interesse. Difor vil vi prøve ulike tiltak for å vekke interessa.»

Søren Aagaard Rasmussen

Dei håpar satsinga vil nå slike som Henrik.

Men også treffe eldre på ein ny måte. Sjølv om det ikkje er berre berre å prøve VR for første gong når ein er pensjonist.

Med litt prøving og feiling er bestefar i gang.

Inne i VR-universet står ein streng mann ikledd naziuniform over deg.

Du er arrestert fordi du har laga denne teikninga. Nazistane meiner illustrasjonen gjer narr av Hitler.

Før du veit ordet av det blir du plassert i ein bil.

Etter ein kort køyretur stoppar bilen. Då går det opp for deg kor du har hamna.

Det er den berykta fangeleiren Grini, den største leiren i Noreg på denne tida.

Du veit at dette er ein livsfarleg stad å vere. Eit opphald her er forbunde med svolt, mangelsjukdomar og hardt arbeid.

Strenge retningslinjer for brevskriving og kommunikasjon med utanforståande gjer at du ikkje har lov til å seie til nokon kvar du er.

Din eigen familie anar ikkje kor du er, eller om du i det heile tatt er i live. Nokon fryktar kanskje at du er på Grini, for dei veit at nokon aldri kjem heim derifrå.

Det veit du også. Men det du kanskje fryktar mest er dei jamlege oppropa til «Tyskland-transporten», –

– transporten som endar i konsentrasjonsleirane med tortur, svolt og kanskje gasskammer.

Kanskje er akkurat du den neste på Tyskland-lista?

– Kan eg ta av no? spør bestefar.

«Oi. Dette var ei ganske rar oppleving. Å føle at ein blei arrestert. »

Henrik

«Vi kom veldig tett på historia. Det var sterkt sjølv om eg har høyrt det før.»

Morten

Det kan vere tungt eller fjernt å ta innover seg historiene frå krigen. Men bestefar meiner det er viktig at det blir fortalt likevel.

«Dei har godt av det, ungdommen, å vite korleis det var under krigen.»

Morten

Henrik er samd.

– Det er viktig å hugse på dette.

– Ja, det er farleg viss det blir gløymt, seier bestefar.